onsdag 29. desember 2010

Eit lite tilbakeblikk

2010 er snart forbi, og det er dags for eit kjapt tilbakeblikk på kva som har blitt gjort i løpet av året. Byggeprosjekta vart i alle høve mange fleire og langt finare enn kva eg såg for meg at det skulle bli når den første blei sett i hop av ein sigarboks og ein planke på seinhausten 2009.

At andre syns dette prosjektet var litt gøy og hadde lyst på tilsvarande instrument var artig, og når eg har tida til å gjere noko med det, so er det kjempegreier å ha moglegheit til å prøve å bli flinkare og stadig få til bedre instrument.

Nokon mindre vellukka prosjekt har det jo blitt, men so lenge ein lærer noko av det og veit kva feil ein helst ikkje bør gjenta til seinare, so gjer jo ikkje det noko. Og so lenge det var eit menneske som hadde lyst på denne som veggpryd, so er jo alt velstand.

Det var og stor stas med den første som blei levert frå meg. Litt rart å sende frå seg eit instrument eg sjølv har bygd. Til å begynne med so var det jo nesten ille å sende frå seg instrumenta. Blei jo knytta til dei på eit vis på grunn av ein del timar arbeid for å få dei til å bli det dei til slutt blei, og det gjorde nesten vondt i starten. Med tida so har det blitt bedre, men eg likar å ha moglegheiten til å ha gitarane i noken dagar før eg sender dei frå meg. Dette av den enkle grunn at då får eg anledninga til å spele litt på dei og leite litt etter ting som bør rettast på før sender dei frå meg.

Har dog ikkje vore tid til slikt kvar gong. Den strengeleiken som so langt har spelt offentlig for mest folk, sovidt eg veit i det minste, forsvann jo ut dørane få minutt etter at siste streng var sett på. Har uansett ikkje fått tilbakemelding om at noko er gale med den, so då satsar eg på at den leve og har det bra fortsatt.

Litt fordi eg sleit litt med å finne egna sigarboksar i vår, og litt fordi at det er artig å prøve andre ting, so har det blitt bygd av andre ting også utover året. Først ut var ei gammal konfektøskje , seinare har det blitt fyllt på med kakeboksar av ymse slag, brennevinsemballasje og nye sjokoladeøskjer.

I løpet av sommaren so var det jo plutselig ikkje berre kompisar, men også NRK som hadde fått med seg at eg surra på med noko litt utanom det vanlige i ei snekkarbod her på Sandane. I forbindelse med Norge Rundt innslaget, so var eg jo og ein svipp innom lokalavisa her. Med tanke på at det intervjuet blei gjennomført i søvne ein onsdagsmorgon i September, so er det kanskje like greit at det ikkje fins på nett.

Etter ein lengre periode som endå mindre frisk og rask enn vanleg utover hausten, so blei året avslutta med tre instrument eg egentlig er godt fornøgd med. Ein sekstiårspresang og to gitarar som me kanskje får sjå meir til på nyåret.

Er jo moglegheiter for at det skjer noko gøy på nyåret og, men det kjem eg tilbake til etterkvart som ting kanskje blir meir håndfaste. Det blir uansett fleire bastardinstrument utover, og det er jo litt gøy berre det. Planane om verdsherredømme er litt meir langsiktige, men ein gong skal me alle marsjere i takt til lyden av heimesnekra strengeinstrument! Eller kanskje ikkje. Eg trur strengt tatt at ikkje er det beste alternativet.

Det har uansett vore eit bra år. Eg har lært enormt mykje, og satsar på å lære endå meir framover i håp om å få til stadig bedre instrument til folk som måtte ha lyst på. So takk for i år og hjarteleg velkommen til å kike innom igjen på nyåret. Fortsatt gledelig jul og godt nyttår til de som har gidda å lese so langt ned på dette innlegget!

søndag 19. desember 2010

Ulydar på ein søndag

Bittelitt lyd frå den andre som nettopp er ferdig også. Litt surt, knirkar og skranglar litt, men det er vel berre som det skal være ein søndag formiddag. Slit det med helsa.







lørdag 18. desember 2010

Å lyd med din glede

Med tanke på at det snart er eit halvt år sidan sist, so er det gjerne på tide å legge ut ein liten snutt der eg spelar surt igjen. Fått litt nytt leiketøy sidan sist, so no er det boksen i naturellversjon som blir høyrt, ingen vrengt lyd gjennom boksar og dårlige kablar.
Spelinga er fortsatt ikkje allverden, men som før so er det heller ikkje poenget. Lytt og vær glade.





Nedlastingslink i bedre kvalitet

fredag 17. desember 2010

Røyking drep, musikk er gjerne sunnare?

Og sidan eg har vore so fabelaktig effektiv siste veka, so kjem det gubban tute meg ein boks til med ein gong. Fantastisk!
Har, som det går an å sjå på første bildet av denne, begynt å få kloa i ymse boksar av nyare dato, so no er helseadvarslane på plass også. Hurra!

Denne gongen so blei det prøvd noko som mest sannsynleg ikkje blir prøvd fleire gonger. Romeo og Julie gav meg ein tanke om å gjere eit forsøk på eit litt hjarteforma hovud på denne gitaren. Tanken var god og gjennomføringa var ikkje like god, men grei nok. Setje strengar på spetakkelet var mindre greit nok. Funka gjorde det til slutt, men trur som sagt ikkje det blir prøvd på fleire gonger med det heilt første

Lydmessig so er denne heilt fin. Gledar meg alt til å høyre kva karen som skal ha den klarar å få utav den etter litt øving. Er nesten sikker på at me får høyre noko frå den kanten utover nyåret.






Kjem eit lite lydeksempel ein av næraste dagane, berre vent!

Meir Punch før jul

Ein ny liten godklump til folket no sidan det nærmar seg jul. Ny dobbeltstrenga, ny Punch-boks og eit nytt forsøk på å gjere noke nytt og fresht med tanke på utforminga. Er jo strengt tatt berre hovudet på gitarane eg har høve til å leike meg med for tida, so då var det der det blei gjort eit forsøk denne gongen og.

Litt samsvar er jo kjekt, so eg har gjort eit forsøk på å etterlikne emblemet på boksen denne gongen. No når de veit det, so går det gjerne an å sjå på bileta.

Reint byggemessig so har eg ikkje noko spesielt å tilføre denne gongen heller. Når ting går som dei skal, so blir det lite å skrive heim om. Lydmessig derimot, so er det meir å skrive om. Som den forrige Punch-boksen det blei bygd av, so har denne og mykje lyd og bra lyd, og denne gongen kan eg love at det kjem eksempel på det.







Ein gong i løpet av dei neste par dagen so blir det lyd i stova. Kik innom igjen i næraste framtid.

torsdag 25. november 2010

Påan igjen

Etter ein lang haust med ein trøblete rygg, ein senebetent arm og ymse andre distraksjonar, so er eg til slutt i gang igjen med desse strengeleikane. Først ut no er ein dobbelstrenga som forsvinn ut i verda per post i morgon. Godt å være i gong igjen, og godt å sjå at eg tydeligvis ikkje har gløymt alt i løpet av hausten.

Har egentlig ikkje so mykje å melde om sjølve bygginga. Fin boks som utgangspunkt og ting har fungert om lag som tenkt. Vellykka byggeprosjekt blir egentlig kjedelegare å skrive om, men eg føretrekk det tross alt. Heller bra resultat enn lenger avhandlingar om korleis eg redda eit prosjekt frå den sikre død.

Satsar på noko meir givande i skriftlig form seinare. No er eg strengt tatt berre glad på grunn av denne som er ferdig. Blir forhåpentligvis ikkje like lenge til neste oppdatering.







Var veldig fin klang i denne. Kanskje eg får surra meg til å ta opp litt før eg sender den frå meg.

mandag 13. september 2010

Norge Rundt

Fredag 10.09, so gjekk det eit innslag på Norge Rundt på NRK om meg og mine sigarboksar. Min umiddelbare tanke når dei var å filma tidleg i sommar, var at det var gjerne litt tidleg. Eg hadde tross alt ikkje surra med dette meir enn eit lite halvår når dei var her, men samtidig so kunne eg jo nesten ikkje takke nei til å få vise fram galskapen på riksdekkande tv.

For dei som ikkje har sett klippet, so fins klippet på NRK sitt nett-tv.

mandag 30. august 2010

Første forsøk på dekorering

Ny sigarboks og ny trestrengar. For å gjere eit lite forsøk på å få det meir interessant denne gongen, so blei mitt første spede forsøk på litt treskjæring gjort på denne. Ikkje noke å stort og ikkje noke å skrive heime om, men det må jo begynnast ein plass. Og litt artig syns eg det blei.

Om lag denne sorten sigarboks som er blitt brukt her har eg mange av for tida, so om nokon syns dei ser ok ut, so er det berre å gi eit hyl. Blir i alle høve bygd fleire med dette utgangspunktet framover.

Sjølve bygginga denne gongen var standard og problemfri, med unntak av treskjæreprosjektet. Var strengt tatt problemfritt det og, men du verden kor eg styra allikevel. Ikkje so store greiene, berre ein "krokodillekjeft" på hovudet til gitaren, men det konsentrasjonsnivået eg hadde medan eg heldt på trudde eg ikkje at eg var i stand til lenger. Var for den del anspent nok til at armane mine rista og skalv seg gjennom heile neste dag. No har eg i alle høve prøvd det, og sett at ingen dør og at eg gjerne klarar å få til noko, so då går det an å prøve seg på drøyare ting til seinare. Det har eg jo i og for seg hatt planar om lenge, men greit å starte i det små og få litt oppvarming før eg går laus på større ting.

Utanom det so er det ikkje so mykje å seie om denne. Er litt greit å ha fått kontroll nok på det eg held på med til at det som oftast går greit med alle dei vanlige delane av bygginga, og at det berre er ting utanom det vanlige som kreve litt ekstra innsats.






Lyden i denne er heilt ok. Ingenting spesielt å melde. Blir vel gjerne spelt inn noko før eg sender den frå meg.

Med voks og varmluft

Ny sigarboks på gong. Trestrengar so egentlig skulle være eit rimelig standardprosjekt, men på grunn av ei mildt sagt enorm mengde med kvae i treverket, so blei jo dette litt meir styr enn eg først hadde tenkt.

Høvling og pussing av halsen var i og for seg greit nok på denne og, problema dukka først opp når halsen skulle få litt farge før første runde med olje. Eller, der og då so var jo ikkje det noko problem heller, men når det skulle pussast litt før neste runde med olje skulle på var det det blei interessant. Kjekt å oppdage at fargen knapt hang på halsen på grunn av kvaen i treverket. Ikkje ville det tørke skikkeleg heller. Kvae som ikkje har tørka sidan første halvdel av 80-talet tørkar gjerne ikkje på eit blunk no heller. Kva gjer ein so? Jaudå, min konsulent på snekkarboda visste råd, so då var det fram med ein varmluftpistol og eg gjorde eit tappert forsøk på å tørke opp det meste ved hjelp av den. Når halsen i tillegg fekk stå eit par dagar før den fekk eit lag med voks, so begynte det å hjelpe. Varmlufta og nokon ekstra tørkedøgn hjalp på det verste, og voksen forsegla den bra nok til at den no blei brukande. Er jo for den del kjekt å ha prøvd noko nytt.

Litt irriterande med fargen som verkeleg ikkje blei som eg hadde tenkt, men akkurat det er lite å gjere med no i ettertid. Er og litt interessant at denne gitaren er om lag dobbelt so tung som instrument av tilsvarande størrelse.

Var litt spent på lyden i denne, so lenge so boksen i utgangspunktet var veldig tjukkvegga. Faktisk var den so tjukkvegga at det måtte borast ut ei fordjuping gjennom halve veggen for at jack-utgongen skulle ha sjanse til å kunne monterast skikkeleg. Litt artig å ha prøvd nokon nye hjelpemiddel for å få til slikt også. Uansett, tilbake til lyden : Er "sigarboks-lyd", som vil sei stort sett bra greier. Har jo ikkje spelt so mykje på den endå, so det er litt tidleg å sei akkurat kor bra den er, men eg er positiv






So lenge so eg har ein plan om å spele inn boksen litt før eg leverar den frå meg, so er det jo ein sjanse for at eg spelar inn eitkvart og legg ut før eg leverar den frå meg. Den som leve får sjå, eller høyre.

torsdag 29. juli 2010

Lille blå

Ny dag, ny sigarboks. Denne er vel av dei byggeprosjekta so langt som har resultert i mest bannskap. Mykje rart som ikkje var samarbeidsvillig undervegs, blant anna første planken som var tenkt som hals, bandsaga, andre planken som var meint som hals, olja, sandpapiret og ikkje minst stålulla, men kom no i mål til slutt denne gongen og.

Er ikkje fornøgd med hovudet på denne. Litt fordi eg ikkje fekk det til som eg ville, og litt fordi olje- og stålull-tull resulterte i eit hovud som ser skittent ut. So lenge eg kanskje har lært noko av det, so få det no berre være. Resten av gitaren er eg egentlig fornøgd med. Ingenting som blei heilt krise, men skulle gjerne hatt den i hende litt lenger for å sett etter at alt fungerar som det skal.

So lenge denne blei sendt i frå meg ca 5 minutt etter at siste strengen blei sett på, so har eg ikkje fått testa den so mykje når det gjeld lyd, og eg har i alle høve ikkje rukke å spele inn noko med den. Kanskje mennesket som skal ha den spelar inn noko ein gong i framtida? Det er lov å håpe.







mandag 12. juli 2010

Her kjem jaggu ein sigarboks til

Det hadde de nok ikkje rekna med tenkjer eg. Samma det egentlig. Her er den, og det er jo egentlig eit nytt standardbygg. Einaste som verkeleg var annleis med denne er at eg skulle likt å visst kva treslag den var laga av. Makan til lite samarbeidsvillige greier er sjelden eg har vore ute for. Kom uansett i mål til slutt, so eg skal vel ikkje klage, og det ferdige resultatet blei ikkje so ille.

Boksen denne gongen er litt liten, so det er ikkje mest lyd i den, men den fungerar, og når ein pluggar den i ein forsterkar so er det jo uansett ikkje nøye. Forhåpentligvis so blir han som skal ha den fornøgd, det er jo eingong det viktigaste.








Tradisjonen tru, so kjem det jo litt lyd frå denne og før eg leverar den frå meg. Likar jo å spele inn greiene litt før eg leverar dei i frå meg, i tilfelle det er noko som viser seg å ikkje å fungere.

fredag 9. juli 2010

Etter åtte?

Nokon tonar frå After Eight-boksen. Etter litt om og men so blei den langt rundare i lyden enn det opprinneleg høyrdes ut som, og eg klagar ikkje av den grunn. Er jo fortsatt berre fjas som blir spelt inn, men eg klagar ikkje på det heller.





torsdag 8. juli 2010

After Eighitar

Etter nokon veker med mildt sagt laber framdrift, so gjer eg i dag eit grusomt comeback med det som må være eit av mine verste ordspel nokon sinne i overskrifta. Satsar på stigning utover...

Dagens ferdigstilte byggeprosjekt tok utgangspunkt i ein After Eight-boks, og som so mangt anna av det eg har bygd av, so er denne og i utgangspunktet berekna på å oppbevare ting og ikkje til å spele på. Slikt bryr eg meg uansett ikkje med og trødde til verket med iver og glød.

Gjorde eit forsøk på å få hovudet på gitaren til å likne boksen i utforminga. Heilt vellukka blei det verkeleg ikkje, men eg har lært eit par ting om korleis eg ikkje skal gjere ting til ein eventuell neste gong eg prøver på slikt. Utanom det, so er det ikkje so mykje å sei om byggeprosessen. Rimelig standard og ting gjekk om lag som eg hadde tenkt, so då har eg jo heller ikkje so mykje å klage på.

Mykje småplukk som kunne vore gjort bedre, men blei egentlig ein trivelig sak som eg jamt over er nøgd med.





Lyden i denne er, som fleire av dei andre metallboksane, litt banjoete, men samtidig ikkje so ille. Eit lite lydklipp kjem ein gong før jul.

torsdag 10. juni 2010

Ikkje akkurat lyden av munnspel

Då har eg fjasa litt med denne også. Har jo knapt spelt på firestrengs tidlegare, og er for den del ikkje heilt sikker på beste måten å stemme den på, men det vart no litt lyd utav det åkkesom. Slit det med helsa.




onsdag 9. juni 2010

Fire strengar, andre forsøk.

Tilbake i januar so gjorde eg jo eit forsøk på ein firestrengar som ikkje kan kallast vidare vellykka, so no var det etterkvart på tide å prøve igjen. Eg syns jo det er litt kjekt når folk grev og leitar litt og finn boksar som dei vil eg skal bygge om til dei, og denne var eit av dei tilfella. Ein Hohner-boks som ein gong i verda har innehelde opptil fleire munnspel har no blitt offer for litt mishandling og litt kjærlig omtanke og enda til slutt opp som ein fungerande firestrengar.

So lenge so det er ein "heilt vanleg" treboks, so er det jo ingen forskjell på å bygge utav denne i forhold til det å bygge av ein sigarboks. Einaste som var å hugse på var at det var ein streng meir enn på standardutgåvene, og det gjekk jo merkeleg nok bra i alle delar av bygginga. Av og til fungerar jo konsentrasjonsevna mi, og eg blir like positivt overraska kvar gong. For den del litt artig å ha ein heilt ny og rein boks å bygge utav. Ein del av dei tidlegare er jo gamle og har sett ut som dei har teke del i opptil fleire verdskrigar, og då gjerne på den tapande sida dei fleste gongene... Uansett, kjekt med litt nytt!

Lydmessig so tykkjer eg denne er heilt ok. Litt uvant å spele på firestrengaren, so eg er strengt tatt ikkje heilt sikker på kva den er god for, men satsar på å finne det ut før eg leverar den frå meg i Sogndal om nokon dagar.






Er mic og kjem lydklipp etterkvart. Må berre øve litt for eg leverar i frå meg tonar.

lørdag 5. juni 2010

Ein ny mini

Fekk i vår ein forespørsel om eg kunne bygge ein liten gitar til ei lita jente som har bursdag no til sommaren. Som sagt, som gjort. Ein langt mindre boks enn kva eg pleier å bygge av, og ein langt kortare hals enn kva eg pleier å bruke, og vips so var noko som egentlig gir meg assosiasjonar til ein ukulele på plass.

Neste spørsmål med denne er om vedkommande som skal ha den for å gi vidare er nøgd. Merkar no det. Uansett litt artig å bygge noke som er halvparten so stort som vanleg. Blei for den del litt gira på å bygge sigarboksukulele ein dag.







Usikker på om det blir spelt inn noke med denne før eg leverar den frå meg, men om det blir gjort so dukkar det no opp her etterkvart.
Real Time Web Analytics