tirsdag 24. januar 2012

Meir lyd?

Sidan eg er so effektiv i dag, so kjem det eit lite klipp til. Naturell-lyd frå gitaren på biletet.



Lyd?

Fort og gale berre for å teste, og gi eksempel på, lyden i piezomicen. Ei lita oppgradering i innspelingsutstyr sidan sist eg heldt på med slikt, so no kan eg ikkje lenger skulde alle ulydane på utstyret. Det er uansett lyd, og med tanke på at mic-oppsettet kostar rundt femtilappen, so er ikkje det so ille.





Nedlastingslink

torsdag 19. januar 2012

Den andre halvparten av 2011

Nokon bilde og nokon ord om den andre som blei ferdig i 2011. Litt meir effektiv med denne. Var "berre" to månader frå eg begynte og til eg blei ferdig... Imponerande...

Dei par tinga som er verdt å merke seg med denne, er forsøket på litt utskjering på hovudet, samt at den har fått eit gripebrett i rosetre. Gripebrettet kom som eit resultat av at Vegards sløvsinn rota til byggeprosessen litt, og det måtte gjerast eit forsøk på å rydde opp igjen i det på enklaste vis. Å få gripebrettet til å passe var forøvrig mindre arbeid enn frykta, so det skal etterkvart gjerast forsøk på å lage ein litt meir skikkeleg hals med band og det heile. Hurra!

Lyden i denne er heilt ok den og, og her også so skal eg sjå om eg får somla meg til å spele inn litt før eg leverar den frå meg.




Denne skal forøvrig til eit menneske som er utøvande musikar, so med litt flaks får eg høyre meir frå den seinare.

Tilbake frå dei døde?

Ikkje at det har teke lang tid eller noko, men no er det omsider liv i bloggen igjen. Jeij! 2011 kan kven som helst få billig av meg, men det blei til slutt gjort litegrann det året også.

Denne cbg-en blei påbegynt å januar, blei gjort bittelitt med i Mai, for so å bli ferdig i Oktober. So effektivt at ein skulle tru eg var statlig ansatt, noko eg i og for seg er også då, so eg har noko å skulde på.

Med tanke på at eg ikkje hugste frå den eine arbeidsdagen til den neste, som då gjerne var fleire månader seinare, kva eg holdt på med, so er eg faktisk nøgd med det ferdige resultatet. Som alltid so er det mykje småplukk som kunne og burde vore gjort bedre, men alt i alt eit ok resultat. Litt kul lyd er det i den også. Satsar på å få klimpra inn nokon tonar og lagt ut før eg leverar den frå meg.





So mykje meir er det egentlig ikkje å seie no, men det kjem minst ei oppdatering til i dag so lenge so eg har ein ferdiggjort sak til ståande, og so håpar eg på at det blir litt hyppigare oppdateringar i år enn i fjor.

tirsdag 4. januar 2011

Litt video for å starte det nye året

Kompis av meg har surra seg til å spele inn og legge ut ein liten videosnutt av seg sjølv som spelar på ein av mine bygg, so det må jo nesten delast med folket. Gledar meg litt til å høyre meir lyd frå den kanten etterkvart som karen blir bedre kjent med gitaren.

Enjoy!


Dukka opp ein video til gitt, so her er den :

onsdag 29. desember 2010

Eit lite tilbakeblikk

2010 er snart forbi, og det er dags for eit kjapt tilbakeblikk på kva som har blitt gjort i løpet av året. Byggeprosjekta vart i alle høve mange fleire og langt finare enn kva eg såg for meg at det skulle bli når den første blei sett i hop av ein sigarboks og ein planke på seinhausten 2009.

At andre syns dette prosjektet var litt gøy og hadde lyst på tilsvarande instrument var artig, og når eg har tida til å gjere noko med det, so er det kjempegreier å ha moglegheit til å prøve å bli flinkare og stadig få til bedre instrument.

Nokon mindre vellukka prosjekt har det jo blitt, men so lenge ein lærer noko av det og veit kva feil ein helst ikkje bør gjenta til seinare, so gjer jo ikkje det noko. Og so lenge det var eit menneske som hadde lyst på denne som veggpryd, so er jo alt velstand.

Det var og stor stas med den første som blei levert frå meg. Litt rart å sende frå seg eit instrument eg sjølv har bygd. Til å begynne med so var det jo nesten ille å sende frå seg instrumenta. Blei jo knytta til dei på eit vis på grunn av ein del timar arbeid for å få dei til å bli det dei til slutt blei, og det gjorde nesten vondt i starten. Med tida so har det blitt bedre, men eg likar å ha moglegheiten til å ha gitarane i noken dagar før eg sender dei frå meg. Dette av den enkle grunn at då får eg anledninga til å spele litt på dei og leite litt etter ting som bør rettast på før sender dei frå meg.

Har dog ikkje vore tid til slikt kvar gong. Den strengeleiken som so langt har spelt offentlig for mest folk, sovidt eg veit i det minste, forsvann jo ut dørane få minutt etter at siste streng var sett på. Har uansett ikkje fått tilbakemelding om at noko er gale med den, so då satsar eg på at den leve og har det bra fortsatt.

Litt fordi eg sleit litt med å finne egna sigarboksar i vår, og litt fordi at det er artig å prøve andre ting, so har det blitt bygd av andre ting også utover året. Først ut var ei gammal konfektøskje , seinare har det blitt fyllt på med kakeboksar av ymse slag, brennevinsemballasje og nye sjokoladeøskjer.

I løpet av sommaren so var det jo plutselig ikkje berre kompisar, men også NRK som hadde fått med seg at eg surra på med noko litt utanom det vanlige i ei snekkarbod her på Sandane. I forbindelse med Norge Rundt innslaget, so var eg jo og ein svipp innom lokalavisa her. Med tanke på at det intervjuet blei gjennomført i søvne ein onsdagsmorgon i September, so er det kanskje like greit at det ikkje fins på nett.

Etter ein lengre periode som endå mindre frisk og rask enn vanleg utover hausten, so blei året avslutta med tre instrument eg egentlig er godt fornøgd med. Ein sekstiårspresang og to gitarar som me kanskje får sjå meir til på nyåret.

Er jo moglegheiter for at det skjer noko gøy på nyåret og, men det kjem eg tilbake til etterkvart som ting kanskje blir meir håndfaste. Det blir uansett fleire bastardinstrument utover, og det er jo litt gøy berre det. Planane om verdsherredømme er litt meir langsiktige, men ein gong skal me alle marsjere i takt til lyden av heimesnekra strengeinstrument! Eller kanskje ikkje. Eg trur strengt tatt at ikkje er det beste alternativet.

Det har uansett vore eit bra år. Eg har lært enormt mykje, og satsar på å lære endå meir framover i håp om å få til stadig bedre instrument til folk som måtte ha lyst på. So takk for i år og hjarteleg velkommen til å kike innom igjen på nyåret. Fortsatt gledelig jul og godt nyttår til de som har gidda å lese so langt ned på dette innlegget!

søndag 19. desember 2010

Ulydar på ein søndag

Bittelitt lyd frå den andre som nettopp er ferdig også. Litt surt, knirkar og skranglar litt, men det er vel berre som det skal være ein søndag formiddag. Slit det med helsa.







Real Time Web Analytics