tirsdag 23. mars 2010

Meir kakeboksing

Med tanke på at eg etterkvart har begynt å få taket på det grunnleggande i bygginga, so er eg no begynt å legge endå meir arbeid i finishen på det eg surrar med. Ein ting er at det blir lyd, og at eg i bunn og grunn er glad for det, men er jo litt stas om ting ser litt ok ut også. Det som er fint der, er at det alltid er meir å strekke seg etter. Det perfekte fins jo ikkje, og so lenge utgangspunkta er litt forskjellige, so blir jo det ferdige resultatet aldri likt.

Er fortsatt kakeboks det går i. Ein ny rund sak, slik som den forrige, men det viser jo at eg lærte mykje av den. Dei feila som blei begått då er stort sett styrt unna denne gongen. Støare på handa med ymse skjærereiskapar er eg jo og begynt å bli. Skal sjå at eg driv å lære ting, og det er jo nesten skummelt.

Største forskjellen på denne i forhold til den forrige er uansett at halsen har fått eit par rundar med olje, og at det til ei forandring blei lagt noken planar i litt bedre tid, so det faktisk gjekk an å utføre dei. Nytt opplegg for å feste strengane vart det også denne gongen. Eg syns det ser bra ut, men hadde jo blitt endå bedre om eg ikkje måtte styre og ordne ein del med det etter oljinga for å få alt til å henge saman på ein tilfredsstillande måte. Eit par små riper og litt limsøl skjemmer jo litt, men ikkje verre enn at det går bra. No har eg jo uansett prøvd det, og veit kva som må gjerast for å få det til å fungere som opprinneleg tenkt, og det vil jo sei at neste forsøk blir meir vellukka. Garantiar fins jo sjølvsagt aldri, men det er lov å håpe i det minste.

Oljinga av halsen er uansett noke som må gjentakast. Du verden for ein forskjell det vart på det ferdige instrumentet. Er meir arbeid og tek meir tid, men med tanke på resultatet, so syns eg det var verdt det. Neste spørsmål er om dei som skal ha framtidige byggverk syns det er verdt det, men det får no bli teke opp til debatt når den tid kjem.







Er forresten ein interessant "banjoklang" i den her. Gudane må vite kvifor det blei det, eg veit uansett ikkje. Litt gøy er det i alle høve! Gjorde eit par forsøk på å filme litt i dag, so får eg myse på det etterkvart og sjå om noke av det blir lagt ut ein av dagane.

2 kommentarer:

Real Time Web Analytics