tirsdag 27. april 2010

Det er vår, og det blir grønt overalt

Til og med kakeboksane er grøne om våren. Om grønfargen er fin kan sjølvsagt diskuterast, men den var no eingong slik som dette. Er litt variasjonar over tema hals og hovud på denne. Fyrste gong eg prøver å vinkle hovudet litt og ha alle stemmeskruene på same sida. Vellukka? Kanskje. Blir prøvd minst ein gong til, for å bruke opp dei tre stemmeskruene som er igjen i dette settet. Er jo uansett alltid artig å prøve på noke nytt. Litt meir fjas med pussing og ordning på hovudet, og resultatet blei jo til å leve med.

Uvisst av kva grunn, so enda jo denne og opp med eit snev av banjoklang. Kvifor nokon kakeboksar får det, medan andre ikkje er i nærheita, har eg verkeleg ikkje noko svar på per i dag. Ser kanskje eit mønster i det etterkvart, men foreløpig so har eg verkeleg ikkje peilingen. Er jo noko å forske på for framtida. Eg har lyst til å vite.

Må jo og nemnast at det er den fyrste metallboksen eg har bygd av som heng i hop ved eiga hjelp etter at eg var ferdig med den. Eg trur det er eit godt tegn. Uansett greit å spare gaffatape og superlim til andre formål.







Er mic i denne, so det kjem litt lyd etterkvart.

tirsdag 13. april 2010

Sigarboks, no også for venstrehendte

Her kjem den korte historia om mitt første forsøk på ein venstrehendt gitar. Når folk som er venstrehendt har lyst til å klimpre på ein sigarboks, so ordnar eg jo det. Er jo egentlig ikkje so mykje nytt å melde, anna enn at denne er andre vegen enn kva eg har gjort tidlegare. Måle, sage, banke, skjære, styre, ordne, høvle, pusse og bore, og plutselig var ting begynt å ta form.

Som nokon kanskje legg merke til, so er eg begynt å tenke bittelitt meir samanheng i det eg held på meg. Litt vinklar og figurar som kan finnast igjen, eller i det minste har prøvd å kunne la folk få finne igjen, fleire plassar, og litt slikt. Dette er jo ein Cohiba-boks, til liks med den første eg bygde på seinhausten i fjor, og det var himla artig å sjå dei to ved sidan av kvarandre i dag. Eg har blitt ørlite flinkare til ein del ting, og meir forseggjort med finishen på det. Skulle nesten teke bilde av dei to i lag og lagt ut. Kanskje ein plan for morgondagen.

Av ting eg lærte når eg bygde denne, so MÅ det nemnast at eg må være meir effektiv om eg skal gi halsen ein runde beis før oljinga. Her var det blitt alt for mykje farge. Eit strøk og fort og gale skal være oppskriften. Eg var litt meir nøye, som med olja. Jaja. Ingen som dør uansett, håpar eg i det minste. Eller, er jo alltid noken som dør, men forhåpentligvis ikkje som følge av dette.







Til slutt so må eg sei at sidan denne er venstrehendt, so blir det ikkje lagt ut noke lytteeksempel frå mi si side. Spelar fælt nok "rett" veg, og treng ikkje utfordre skjebna. Får tru han som skal ha den blir flink, so kan det kanskje komme noken tonar litt på sikt. Me ser!
Real Time Web Analytics