So lenge so det er ein "heilt vanleg" treboks, so er det jo ingen forskjell på å bygge utav denne i forhold til det å bygge av ein sigarboks. Einaste som var å hugse på var at det var ein streng meir enn på standardutgåvene, og det gjekk jo merkeleg nok bra i alle delar av bygginga. Av og til fungerar jo konsentrasjonsevna mi, og eg blir like positivt overraska kvar gong. For den del litt artig å ha ein heilt ny og rein boks å bygge utav. Ein del av dei tidlegare er jo gamle og har sett ut som dei har teke del i opptil fleire verdskrigar, og då gjerne på den tapande sida dei fleste gongene... Uansett, kjekt med litt nytt!
Lydmessig so tykkjer eg denne er heilt ok. Litt uvant å spele på firestrengaren, so eg er strengt tatt ikkje heilt sikker på kva den er god for, men satsar på å finne det ut før eg leverar den frå meg i Sogndal om nokon dagar.
Er mic og kjem lydklipp etterkvart. Må berre øve litt for eg leverar i frå meg tonar.
Eg syns 4-strengern min e nett fine eg ;D
SvarSlettFin er den jo i og for seg, men ikkje so velegna som instrument :-)
SvarSlett