tirsdag 9. mars 2010

Kaffi og kaker?

Medan eg går og ventar på påfyll med sigarboksar frå ymse verdshjørne, so må eg jo allikevel drive med eitkvart. I dag ; kakeboks. Ein rimelig stor kakeboks burde jo resultere i mykje lyd tenkte eg på forhånd, og i dette høvet fekk eg rett.

På grunn av størrelsen på boksen, so tenkte eg at no var eit bra høve til å prøve ein ny dobbelstrengar, so då var det fram med større planke og til å gjere seg klar til å lage spalter og styre på igjen. Prosjektet med å feste halsen til boksen var derimot verre. Utan min vegledar på plass i snekkarboda, so var det dags for lett improvisasjon. Sage boga spor er jo ikkje noke eg driv med til vanleg, so her var det fram med kniv og pågangsmot og surre på ein times tid til det til slutt passa saman på eit vis. Med god tid, samt ein anstendig mengde bannskap og bønn, so er det mykje rart som går seg til.

Litt nedtur at boksen ikkje heng skikkeleg i hop av seg sjølv etter eg var ferdig med den, so eg måtte gi den ein omgang gaffa-tape til slutt, men det får no berre være. Kunne sjølvsagt limt den i hop med min trufaste venn, superlimen, men er jo greit å ikkje forsegle boksen for evig og alltid.

Lyden er uansett god i denne også. Mykje lyd blei det også, so då må jo alle være fornøgde. Har sett i mic, so det kjem eit lite lydglimt frå den om ikkje so lenge.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Real Time Web Analytics