onsdag 7. november 2012

Rosa! ...og vel so det, kanskje?

Eg har, ein gong til, gått på ein rosa smell.... Denne gongen ein endå verre enn den forrige, og eg likar det!
Eg har jo laga noko rosa ein gong tidlegare, og under arbeidet med den so kommenterte ei venninne av meg at ho hadde den perfekte boksen til dette, og den skulle eg få berre ho fekk ete opp sjokoladen som var i den. Som sagt so gjort, og boksen var verkeleg fantastisk til dette.

Utforminga på halsen er nesten identisk med den forrige. Dytta hjartet litt lenger nedover, so halsen kom meir midt på, men utanom det so er det veldig mykje likt. Treng ikkje forandre alt for mykje på ting som på fungerar greit. Boksen var rosa og fin, men veldig tynn og skjør, so den fekk ein bulk eller tre under arbeidet. Kjedeleg, sjølvsagt, men ikkje noko som verkeleg er øydeleggande.






Lyden i den er veldig fin, men det er ikkje den store klangen i den. Kjem eit lydklipp etterkvart slik at de og kan høyre.

tirsdag 6. november 2012

Schwarze!

Og so skjer det omsider noko igjen, om lag alt for mange månader på overtid. Med tanke på at helsa mi og helsa til ein ihelkøyrd grevling har mykje til felles, so er ikkje effektiviteten på topp heile tida, men litt galskap dukkar no opp innimellom.

Dagens ferdiggjorte ein ein søt liten svart sak med dauingeskallar og kors i rikt monn. Utover det innfelte beinkorset i hovudet på denne, so er det ikkje so mykje å sei om arbeidet. Ting går jo stort sett på rutine berre dei blir ferdige frå tegnebordet. Boksen var trekvit ein gong den og, men eg gløymde å knipse bilde av den før den var blitt svart. Slikt som skjer. 

Tykkjer uansett den ser bra ut, og so kan det gjerne nemnast at eg for første gang har gidda å inkludere eit potmeter i loddinga, so her er det faktisk ein volumkontroll ute og går. Hurra for meg! Grøne strengar er det og, og dei lyser i blacklight. Fagert!






Lyden høyres so langt veldig ok ut. Skal få teke opp litt fjas før den blir pakkar og sendt sørover i retning Hordaland og storbygda Bergen.

onsdag 20. juni 2012

Er rosa og gult kult?

Noken få tonar frå den rosalilla og oversøte. Lyden er ikkje den beste, og eg vel å skulde litt på strengane. Litt må ein jo ofre for å sjå bra ut...

Går uansett fint an å spele på, både til kvardags og fest, so eg seier meg nøgd i dag og.




tirsdag 19. juni 2012

No også som coverband!

Som nokon sikkert har fått med seg, so har eg til slutt vore med å stabla på beina eit band der det jamt over blir spelt på desse heimelaga, og for eit par veker sidan posta eg eit klipp frå første speleøkta me hadde. Sist søndag blei via til ei ny økt, og då må jo dette dokumenterast. Same tre karane og same instrumenta som sist, sett vekk frå at ein av karane åpnar kjeften og syng for første gong sidan sommaravslutninga i fjerdeklassen på barneskulen. Kjem nok til å bli meir slikt framover.

Lyden på opptaket er rusjen pga kødd med opptakaren, men det får berre bli som det blir.
Her kjem uansett eit par minutts coverversjon av Eric Clapton-låta Cocaine. Nyt det! Eller ikkje! Opp til deg!



Kjem sikkert til å legge ut ein del øvingsklipp vidare framover også, om ikkje anna for å kunne sjå bakover i håp om å sjå utvikling på vegen.

tirsdag 12. juni 2012

Pink power!

Dagens rosalilla krumspring er herved på plass. Med tanke på korleis resultatet blei til slutt, so er det gjerne like greit at eit par idear blei forkasta på vegen, for den her blei noko for seg sjølv uansett.

Som nokon kanskje legg merke til, so er stemmeskruene i botnen på denne.  Dette fordi eg hadde lyst til å få til eit hjarteforma hovud på ein Romeo y Julieta-boks, samt at eg har eit par stemmeskruer av denne typen å bruke opp. Syns det funka greit med gaffelen i botnen og det oppsettet som blei her, so det blir nok gjort fleire gonger utover.

Fargen er ein heilt anna ting. Den rosalilla fargen den fekk var egentlig ikkje planlagt, men akkurat til denne so ser det jo bra ut. Har og måla innsida i boksen, so det lyser litt rosalilla ut gjennom lydhola. For den del kjekt å ha nokon gule strengar liggande, for dei kler jo den andre fargen rimeleg bra.

Alt i alt rimeleg godt nøgd med den her, sjølv om det som kjent alltid er ting som kan gjerast bedre. Tek det neste gong!






Har ikkje prøvespelt den her so grundig endå, men det skal bli gjort og det kjem eit lydklipp frå det før den forlet heimen.

torsdag 31. mai 2012

Ikkje hanegal, men....

Legg ut nokon ulydar i dag og, men då trur eg at eg er ferdig med lydeksempel av dei instrumenta eg fortsatt har i hus og har sjans til å få spelt inn noko med.

I dag var det Sætre Kjeks-boksen som stod for tur. Eg likar lyden i den, og so lenge so denne faktisk er bygd for å bruke sjølv, so får de høyre meir frå den i framtida.

Nok ein gong so er det litt surt og ikkje minst so kan de legge merke til ein klassisk "Pokker, eg hadde jo tenkt å slutte no og det hadde eg gløymt"-avslutning. I alle høve er det berre å kose seg med det.

onsdag 30. mai 2012

Skranglejam

Underteikna og to andre er til slutt i gong med å bruke desse heimebygde til noko potensielt fornuftig. I tilfelle det ikkje kan kallast fornuftig, so er det i det minste gøy. Videoen under her er eit opptak frå helga, og det var vel om lag første forsøket me gjorde på å spele. Med andre ord so er det mest fjas for å komme i gang litt, men samtidig so blei det eit fint driv på låta etterkvart. Det de høyrer her er denne, denne og denne. Enjoy! 

Og til dei som faktisk måtte finne på å like det her, so er slenge eg no med ein nedlastinglink til rabalderet!



After Eight-klimpring

Litt klimpring på After Eighten. Som vanleg er det ikkje so voldsomt spennande, men det er ei heller poenget. Spelt inn no nettopp og klaska ut på nettet ved første høve. Som de høyrer, so er lyden litt tørr og metallisk, men den duge allikevel til sitt bruk.




tirsdag 29. mai 2012

Alt er relativt, og klokka er jo etter åtte no og

For nesten to år sidan blei det bygd eit instrument utav ein After Eight-boks og no var det dags for å prøve å gjenta suksessen. Den forrige var av dei boksane det blei laga arbeidstegningar til, noke som er relativt uvanleg, og noke som er endå lenger unna det normale er at eg fann igjen desse då eg skulle begynne på denne. Med andre ord so er desse to relativt like kvarandre, sett vekk frå at den eine har hals i furu og den andre har hals i ask, og det at denne nyaste blei farga grøn.

Grønfargen blei ikkje som grønfargen på boksen. Burde hatt ein dråpe svart, men svart er ein uting når det kjem til fargeblanding. Plutseleg so er det blitt svart uavhengig av kva som var tanken og utgangspunktet.... Men tilbake til grønfargen. Grønfargen blei jo fin den sjølv om den ikkje blei heilt rett. Ask er forøvrig eit fantastisk treverk. Til tider fascinerande å sjå mønstera som lyser imot meg etter at veden har fått ein skvett farge og nokon rundar med olje.






Lyden i denne er litt banjo, men samtidig ikkje so aller verst. Den forrige fekk ein rundare klang etterkvart, so det blir spennande å sjå om denne får det same. Kjem uansett eit kort lydklipp ganske snart.

Teboksbass, lydklipp

Som alltid fort og gale, men det er no råd å høyre lyden av bassen. I tillegg høyrer de lyden av strengane som klaskar litt og foten min som trampar takt... Uansett so kjem det snart meir lyd frå denne. Heng med!




tirsdag 15. mai 2012

Lyden av brunt brennevin?

Eg får ikkje til å spele på desse firestrenga, men eg har spelt inn bittelitt likevel. Nesten cleanlyd, so de får no eit visst bilde av korleis lyden er.



lørdag 12. mai 2012

Stend på stabburshella?

Etter knappe to år og mykje rot og tull, so er til slutt denne her ferdig. For ein gongs skuld ein boks som er til eige bruk, so no skal eg til slutt bli flink til å spele på ein av desse greiene.

Sætre-hanen begynte å ta form seinsommaren 2010, men etter ei arbeidsfadese av dei sjeldne, so blei den liggande ei stund. 2011 var eit ytterst lite produktivt år, so då blei den liggande heile det året også. Med arbeidslyst, plastisk tre og eit gripebrett i rosetre so blei til slutt dei fleste teikn på gammalt tull fjerna, og resultatet blei ikkje so verst.

Den utskorne hanen på hovudet var forøvrig mitt første forsøk på treskjæring. Ikkje heilt nøgd med fasongen på dyret, men i lag med boksen so viser det i det minste kva eg har prøvd på. Uansett litt artig å ha vore borti, sjølv om eg ikkje veit om det blir gjenteke nokon gong.







Lyden i denne likte eg verkeleg, og den er verkeleg ikkje so tørr og sprø som det opprinnelege innhaldet i boksen. Kjekk å spele på, og so lenge det er eg sjølv som skal ha den, so blir den spelt mykje på og det blir posta lydklipp med den etterkvart.

Sei hei til Jack Daniel

 Det var gjerne på tide å prøve seg på ein av desse boksane igjen? Forrige forsøk på ein av desse avlange var i det minste nokonlunde vellukka, og det ferdige resultatet av denne vart ikkje so gale det heller.

Sjølve bygginga gjekk problemfritt. Utforminga av hovudet vart ikkje heilt som tenkt, men ein JD-kjøleskåpsmagnet og eit par blodharry stemmeskruer trekk alltid opp heilheita. Blei og prøvd å få til ein farge som matcha fargen på JD, og om ikkje det blei heilt blink, so syns eg fortsatt det vart ok med litt variasjonar i fargane.


Alt i alt nokonlunde nøgd denne gongen også, og so gjenstår det berre å sjå om kjøparen blir nøgd ved avlevering uti kommande veke.






Lyden i denne er litt tørr og banjoete, noko som det ofte blir i metallboksane, men er ikkje den verste so langt. Får kanskje lagt ut eit lydeksempel før eg leverar den frå meg.

lørdag 31. mars 2012

Tostrengsfretlessteboksbass!

Første forsøk på ein bass, og første forsøk på noko som kan spelast utan bottleneck. Jøsses! Ein relativt stor teboks, ein meter med ask, eit gripebrett i rosetre, eit par gamle bass-strengar, eit par stemmeskruer, litt bein og nokon stoppskiver seinare, so blei det lyd i spetakkelet.

Lenge sidan eg har vore so usikker på noko eg har bygd. Ante verkeleg ikkje korleis dette kom til å bli til slutt, både med tanke på lyd og ikkje minst på spelbarheit. Funka gjorde det. Romlar og skrapar litt, men slik skal det jo være. Elektronikken i den køddar litt meir, so der er eg nødt til å gjere noko for å isolere mikken bedre før eg forseglar loket på denne

Uansett so vart dette ein litt festlig sak, og det blir nok gjort fleire forsøk i framtida.






Lydeksempel på denne kjem snart. Blei berre litt ivrig i går, so eg har gnagsår på opptil fleire fingrar på venstre hand, og er nødt til å la dei få litt kvile før eg er klar til å klimpre inn eit eller anna.

Diddley Bow, første forsøk

Sidan eg ikkje gadd å ha noko halvgjort før påske, so blei eit par timar denne veka brukt til å klaske i hop ein Diddley Bow. Om lag verdas enklaste instrument. Treng egentlig berre ein planke, ein streng og ein hermetikkboks, men eg har skeia ut med ei stemmeskrue og ein nøkkel også. Gjort fort og gale, og mest for å lære korleis instrumentet oppførar seg i praksis.

Blir nok bygd ein til snart, for den her var strengt tatt for kort til å bruke skikkeleg, men er uansett greit å ha prøvd for å sjå kva som bør gjerast annleis til neste gong. Gløymde forresten å ta bilde av den etter den var ferdig, so siste bildet er knipsa ein heilt anna plass og med dårligare lys enn normalt. Sikkert ikkje so farleg.






Opptakaren min er fortsatt på tur, men det kjem nok lydeksempel frå den her med tid og stunder.

søndag 25. mars 2012

Gult er kult?

Eg blei ferdig med ein gitar til no før helga, so då er det greit å få ut litt bilde av den også. I tilfelle det er nokon som faktisk studerar på bilda eg legg ut, so kan eg sei med ein gong at boksen på første bilde stammar frå ein anna gitar. Gløymde å knipse den som blei brukt no før eg hadde mishandla den litt, so det blei funne eit arkivbilde av noko tilsvarande.

Det mest artige med denne tykkjer eg uansett er korleis mønsteret i treet verkeleg kom fram når det fekk litt farge før oljinga. Reine tigerstripene. Gledar meg alt til kommande prosjekt og testing av andre farger.

Utover det so er det ikkje so mykje å bite seg merke i. Det meste gjekk slik eg hadde tenkt og eg har etterkvart bygd eit par av desse cbg-ane so det er ikkje mest å sei om kvar enkelt. Kan uansett melde om eit par litt annleis prosjekt som står på trappene, so det er berre å henge med vidare.






Lyden i denne var faktisk veldig fin. Skal få lagt ut eit lite lydeksempel med tid og stunder.




Real Time Web Analytics