torsdag 28. januar 2010

Endeleg noko klart til levering

Etter nokon sjukedagar i vinternorge var eg i dag tilbake i snekkarboda og fekk fullført ein gitar som har vore påbegynt ei stund. Denne blir den første eg leverar frå meg, og er jo selvfølgelig spent på responsen frå han som skal bli den stolte eigar. Denne gongen var det ein filipinsk sigarboks som var basis. Gudane må vite kva treverk som er i den, for den var ei smule vanskeleg å jobbe med, men resultatet blei jo godkjent til slutt denne gongen og. Var jo spent på kva lyd som kom til å bli i den, sidan treverket var annleis enn kva eg har vore borti tidlegare, men det funka fint denne gongen og.

Blei lagt ned ein solid pussejobb på halsen denne gongen. Ein skjemmande kvist på baksida "måtte" vekk, og når sandpapiret fyrst var framme, so kunne eg jo ikkje gi meg før heile greia såg nokonlunde ok ut. Arbeidsmessig so fristar det ikkje å gjenta den jobben seinare, men resultatmessig so er det noko eg absolutt bør gjere, so då blir det vel slik...

Bortsett i frå det so er det vel ikkje so mykje å sei om denne. Standard prosedyre for ein trestrengar. Det artigaste er jo egentlig å høyre korleis resultatet blir når den er ferdig. Når/om den dagen kjem at eg kan bedømme skikkeleg korleis klangen i eit instrument blir berre ved å dunke litt på kassen før eg begynnar, so veit eg ikkje om eg gidd meir. Då er jo halve moroa bortevekk.

Dukka forøvrig opp eit par nye idear under arbeidet med denne, som gjerne blir prøvd seinare ein gong, men det kjem eg tilbake til når so lang lir.







Satsar på å få lempa ut eit lite lydklipp av denne og før eg leverar den i frå meg, men det blir ikkje gjort noko med i kveld, so mykje kan eg love.

torsdag 21. januar 2010

Den fyrste fiasko eg snekra saman....

Det fyrste fiaskoprosjektet so longt har sett dagens lys... Skulle bli, og blei for den del, ein firestrengar som ein kompis av meg skulle ha, men mitt forsøk på å lage ein tynn og lettspelt hals enda opp med å bli ein altfor mjuk hals som berre bøydde seg noke verre. Forsøket med å skru fast litt metall og ekstra tre på baksida av halsen hjalp ikkje nok det heller, so denne blei liksom ikkje det eg hadde tenkt. Kan selvfølgelig lage ein ny hals til den, og det blir vel gjerne gjort på sikt, men foreløpig får den berre ta plass i "Hall of Shame" og stå der til skrekk og advarsel. I det minste so har eg no lært korleis eg ikkje skal gjere ting neste gong...






Uansett litt synd at den ikkje fungerar som eg hadde tenkt, for lyden er rimelig fin i den. Halsen er uansett so bøyelig at om eg flyttar bittelitt på gitaren, eller legg bittelitt vekt på kroppen, medan eg spelar, so forsvinn alt som kan minne om ein gitar som er stemt. Bedre lykke neste gong.

fredag 15. januar 2010

Eit knøtt til knøttet

Mest for moroskuld, so blei det snekra saman ein liten tostrengar denne veka. Skal sendast avgårde som gåve til ungen til ein kompis. Mykje same prosedyre som dei forrige med tanke på tilpassinga av halsen, men planken var egentlig for tynn for stemmeskruene, so der måtte det improviserast litt. Lim og pussemaskin ordnar uansett det meste. Sjå fjerde bildet for å kanskje skjønne kva eg snakkar om. Strengefestet blei for den del ei ny løysing denne gongen og. Fjerde gitaren og fjerde måten å gjere det på. Det er jo uansett det som er litt gøy. Når eg ein gong endar opp med to instrument som er meir eller mindre like, so forsvinn jo litt av sjarmen. Blei jo litt meir lyd i knøttet enn eg først hadde tenkt, og det er jo ikkje negativt, so eg er nøgd i dag og.








Skal sjå om eg får surra meg til å filme litt av denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

torsdag 14. januar 2010

Lydeksempel med første gitaren

Og eit lite klipp med den førstefødde. Ein gong skal eg bli flinkare å spele og flinkare å få filma, men inntil den dagen kjem, so får folk og dyr og eventuelle andre berre slite med den kvaliteten det blir på det her.

Litt meir video

Ny gitar, meir lyd, kan fortsatt ikkje spele noko særleg, filme med mobil er fortsatt bajs og livet er herlig dere! Denne kan bli heilt glimrande å spele på berre eg blir vant med den, men foreløpig er det jo berre fjas og so må eg syte endå litt meir pga lydkvaliteten i mobilen. Uanlell so er det no plutselig lagt ut ein video til. Slit den med helsa!

Feil stemmeskruer = Dritfeit gitar

Kva gjer ein når dei stemmeskruene som kjem i posten ikkje er av det slaget eg egentlig hadde tenkt å bestille? Eg for min del gjorde ei ny bestilling og fekk rette slaget to dagar etterpå, og la i mellomtida ein plan for dei andre. Dei to gitarane som har vore bygd før denne har jo vore trestrengs. Med tre og tre stemmeskruer som heng i hop, so var det litt tyle med ein ny trestrengar, men ein "tolvstrengar" med seks strengar derimot! Det var ein god plan!

Ein del meir arbeid med denne på grunn av det. Måtte jo lage til spalter i hovudet på gitaren, samt bedrive litt nøyaktig boring for å få stemmeskruene til å passe. Bortsett frå det, so var det standardprosedyre for å passe til halsen i boksen, men litt meir arbeid med stol og sadel so lenge det var fleire strengar inni bildet. Måtte for den del improvisere litt når det blei laga feste for strengane på nedsida av boksen, men det funka som juling! Er dessuten bora hol og sett i ein jack-utgang, men foreløpig lite anna. Kjem tilbake til elektronikken seinare.

Må jo og legge til at eg var forferdeleg skeptisk når eg dreiv å sette strengar på denne. Var forberedt på at byggverket skulle kollapse med eit stygt smell, men det heldt.






Sjølv om det er "tusen" ting som skulle vore gjort annleis eller bedre med denne gitaren og, so er eg uansett veldig fornøydd og har fått ein del nye idear som skal setjast ut i livet under seinare byggingar.

onsdag 13. januar 2010

Vegard spelar ting han ikkje kan

Etter oppfordingar frå minst to menneske, so blir det ein liten video i dag. Jobbar fortsatt med å lære meg å spele på greiene, og gitaren her er ein dag gammal i skrivande stund, so eg er ikkje kjent med halsen på den, men de får no uansett eit visst inntrykk av korleis lyden er i den. Dessuten er vel Sony Ericsson meir kjent for å lage mobilar enn kamera, men inntil vidare so får dette duge. God fornøyelse!



Er sikkert ein eller anna melodi som høyres ut om lag som det eg spelar, men frå mi si side so er det no egentlig berre litt fjasing som foregår. Uansett so var det første videoen her på bloggen, og første eksempel på korleis gitarane kan høyras ut.

tirsdag 12. januar 2010

"Konsulentjobben"

Gitar nummer to som blei ferdig er jo strengt tatt ikkje mitt byggeprosjekt, men so lenge den blei til ca 2 meter unna meg og eg fungerte som "konsulent", so blir den nemnt her, og litt bilde av prosjektet må ut til folket. Gitaren denne gongen var den som han eg bygge lag med måtte få til eige bruk. Må jo ha noke håndfast å vise fram, samt å klimpre litt på, han og.

Fortsatt er det sigarboksen som er basisen, men med noken modifikasjonar frå den forrige. Litt hjortebein og metall gjer at gitaren ser bedre ut denne gongen. Det er jo uansett litt av tanken, å sjå kva som kan gjerast annleis og prøve litt nye løysingar. I alle høve so blei ein ny trestrengar ferdig i dag, og den låt endå bedre enn den forrige. Håpar på å få ut ein video av denne etterkvart.







Alt i alt eit fint instrument denne gongen og.

mandag 11. januar 2010

Den fyrste gitar eg bygga fekk

Sjølv om det ikkje blei teke bilde under bygginga, so må eg jo poste eit bilde eller tolv av det ferdige produktet. Til denne, so er kroppen ein sigarboks av merket Cohiba og halsen er ein furuplanke. Spe på med noken stemmeskruer, eit par strengar og eit par skruer for å få festa strengane, og resultatet blei dette.







Sett i ettertid, so er det mykje som skulle vore gjort på anna vis, men samtidig so blei jo denne som den blei og då skal det ikkje rettast på noko seinare. Er derimot greit å ha noko håndfast, slik at det er lettare å sjå kva som kan eller bør rettast på til seinare prosjekt. Blei i alle høve eit strengeinstrument utav det, og det blei egentlig overraskande bra lyd i den. Er dessuten utruleg artig å spele på. Det å få noko nytt i hendene gav meg meir speleglede enn eg har hatt på lenge, so alt i alt er eg veldig nøgd

Litt bakgrunn

For ei tid tilbake, so snubla eg over eit youtube-klipp av ein kar som spelte på ein trestrengs sigarboksgitar. Eg, som den evig nysgjerrige på det meste som har med musikk å gjere, måtte jo sjekke ut litt meir om det her og fann fleire videoar. Etterkvart dukka det og opp eit par sider på nettet med meir info om sigarboksgitaren, og ikkje minst arbeidstegningar for korleis ein kan bygge ein sjølv. Dette måtte jo prøvast, og jakta på sigarboksen var i gang.

Etter at den kom i hus, so var det å hanke inn resten av nødvendigheitene for å få det til å bli eit instrument som stod på programmet. Og undervegs i den prosessen var det at den største hjelpa i arbeidet kom på plass. Å få låne seg ei snekkarbod, til og med utstyrt med håndverkaren som bidreg der mine ferdigheiter på byggefronten seier stopp, er eit fantastisk utgangspunkt for å lage noko.

Tenkte ikkje på å ta bilde under byggeprosessen på den fyrste sidan det egentlig ikkje var meininga at det skulle bli fleire, men sidan det var himla artig å prøve seg på, og ikkje minst spennande å tenke på kva meir som går an å få til, so blir det jo fleire forsøk på strengeinstrument framover. Dei som no er undervegs, under planlegging eller påtenkt berre det melder seg meir byggemateriale, blir bedre dokumentert under bygginga.

Er jo for den del det som er grunnen til denne bloggen. Greit for min del å dokumentere det eg held på med, og muligens det er nokon der ute som syns det er litt kult å lese om eller sjå bilde av ymse byggverk. Har og planar om å fylle på med litt videoar berre eg blir litt flinkare å spele på greiene, samt at eg treng noko litt bedre enn mobilen å filme med. Tek det på sikt. No er eg uansett i gang med bygginga og blogginga, og so får det berre bli som det blir utover.
Real Time Web Analytics