fredag 15. januar 2010

Eit knøtt til knøttet

Mest for moroskuld, so blei det snekra saman ein liten tostrengar denne veka. Skal sendast avgårde som gåve til ungen til ein kompis. Mykje same prosedyre som dei forrige med tanke på tilpassinga av halsen, men planken var egentlig for tynn for stemmeskruene, so der måtte det improviserast litt. Lim og pussemaskin ordnar uansett det meste. Sjå fjerde bildet for å kanskje skjønne kva eg snakkar om. Strengefestet blei for den del ei ny løysing denne gongen og. Fjerde gitaren og fjerde måten å gjere det på. Det er jo uansett det som er litt gøy. Når eg ein gong endar opp med to instrument som er meir eller mindre like, so forsvinn jo litt av sjarmen. Blei jo litt meir lyd i knøttet enn eg først hadde tenkt, og det er jo ikkje negativt, so eg er nøgd i dag og.








Skal sjå om eg får surra meg til å filme litt av denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

3 kommentarer:

  1. Du begynner å få teken på dette no syns eg. Den der så rett og slett rå-stilig ut!

    SvarSlett
  2. Spørst om eg ikkje skal bestille ein slik ein til knøttet mitt so har 8 årsdag 7. feb.

    Har du boks, og kan bruke stemmeskruane som eg har liggande?

    SvarSlett
  3. @Morghus : Takk :)

    @Ivar : Skal fikse eitkvart :)

    SvarSlett

Real Time Web Analytics