mandag 11. januar 2010

Litt bakgrunn

For ei tid tilbake, so snubla eg over eit youtube-klipp av ein kar som spelte på ein trestrengs sigarboksgitar. Eg, som den evig nysgjerrige på det meste som har med musikk å gjere, måtte jo sjekke ut litt meir om det her og fann fleire videoar. Etterkvart dukka det og opp eit par sider på nettet med meir info om sigarboksgitaren, og ikkje minst arbeidstegningar for korleis ein kan bygge ein sjølv. Dette måtte jo prøvast, og jakta på sigarboksen var i gang.

Etter at den kom i hus, so var det å hanke inn resten av nødvendigheitene for å få det til å bli eit instrument som stod på programmet. Og undervegs i den prosessen var det at den største hjelpa i arbeidet kom på plass. Å få låne seg ei snekkarbod, til og med utstyrt med håndverkaren som bidreg der mine ferdigheiter på byggefronten seier stopp, er eit fantastisk utgangspunkt for å lage noko.

Tenkte ikkje på å ta bilde under byggeprosessen på den fyrste sidan det egentlig ikkje var meininga at det skulle bli fleire, men sidan det var himla artig å prøve seg på, og ikkje minst spennande å tenke på kva meir som går an å få til, so blir det jo fleire forsøk på strengeinstrument framover. Dei som no er undervegs, under planlegging eller påtenkt berre det melder seg meir byggemateriale, blir bedre dokumentert under bygginga.

Er jo for den del det som er grunnen til denne bloggen. Greit for min del å dokumentere det eg held på med, og muligens det er nokon der ute som syns det er litt kult å lese om eller sjå bilde av ymse byggverk. Har og planar om å fylle på med litt videoar berre eg blir litt flinkare å spele på greiene, samt at eg treng noko litt bedre enn mobilen å filme med. Tek det på sikt. No er eg uansett i gang med bygginga og blogginga, og so får det berre bli som det blir utover.

3 kommentarer:

  1. Knas
    Trukje dette er spesielt egna for meg og mine talent, men dersom du skulle få tak i ei full sigarkasse, så vil eg gjerne få ein invitasjon til å lage opprøykte sigarar

    SvarSlett
  2. Cool man, I've jammed alot on these. Work on, play on, maybe You'll be around somewhere.

    Why not translate to english?

    Eric

    SvarSlett
  3. @Eric C : I might translate this blog to English, but not today. It makes it possible for more people to read it, wich is positive, but it also makes a bit more work for me. Anyhow, maybe the weekend is the right time to start an english version and translate the posts.

    @Ivar : Få tak i fulle sigarboksar er ikkje noke problem. Om du betalar kan eg kjøpe mange, so får du sigarane og eg boksane :)

    SvarSlett

Real Time Web Analytics