onsdag 29. desember 2010

Eit lite tilbakeblikk

2010 er snart forbi, og det er dags for eit kjapt tilbakeblikk på kva som har blitt gjort i løpet av året. Byggeprosjekta vart i alle høve mange fleire og langt finare enn kva eg såg for meg at det skulle bli når den første blei sett i hop av ein sigarboks og ein planke på seinhausten 2009.

At andre syns dette prosjektet var litt gøy og hadde lyst på tilsvarande instrument var artig, og når eg har tida til å gjere noko med det, so er det kjempegreier å ha moglegheit til å prøve å bli flinkare og stadig få til bedre instrument.

Nokon mindre vellukka prosjekt har det jo blitt, men so lenge ein lærer noko av det og veit kva feil ein helst ikkje bør gjenta til seinare, so gjer jo ikkje det noko. Og so lenge det var eit menneske som hadde lyst på denne som veggpryd, so er jo alt velstand.

Det var og stor stas med den første som blei levert frå meg. Litt rart å sende frå seg eit instrument eg sjølv har bygd. Til å begynne med so var det jo nesten ille å sende frå seg instrumenta. Blei jo knytta til dei på eit vis på grunn av ein del timar arbeid for å få dei til å bli det dei til slutt blei, og det gjorde nesten vondt i starten. Med tida so har det blitt bedre, men eg likar å ha moglegheiten til å ha gitarane i noken dagar før eg sender dei frå meg. Dette av den enkle grunn at då får eg anledninga til å spele litt på dei og leite litt etter ting som bør rettast på før sender dei frå meg.

Har dog ikkje vore tid til slikt kvar gong. Den strengeleiken som so langt har spelt offentlig for mest folk, sovidt eg veit i det minste, forsvann jo ut dørane få minutt etter at siste streng var sett på. Har uansett ikkje fått tilbakemelding om at noko er gale med den, so då satsar eg på at den leve og har det bra fortsatt.

Litt fordi eg sleit litt med å finne egna sigarboksar i vår, og litt fordi at det er artig å prøve andre ting, so har det blitt bygd av andre ting også utover året. Først ut var ei gammal konfektøskje , seinare har det blitt fyllt på med kakeboksar av ymse slag, brennevinsemballasje og nye sjokoladeøskjer.

I løpet av sommaren so var det jo plutselig ikkje berre kompisar, men også NRK som hadde fått med seg at eg surra på med noko litt utanom det vanlige i ei snekkarbod her på Sandane. I forbindelse med Norge Rundt innslaget, so var eg jo og ein svipp innom lokalavisa her. Med tanke på at det intervjuet blei gjennomført i søvne ein onsdagsmorgon i September, so er det kanskje like greit at det ikkje fins på nett.

Etter ein lengre periode som endå mindre frisk og rask enn vanleg utover hausten, so blei året avslutta med tre instrument eg egentlig er godt fornøgd med. Ein sekstiårspresang og to gitarar som me kanskje får sjå meir til på nyåret.

Er jo moglegheiter for at det skjer noko gøy på nyåret og, men det kjem eg tilbake til etterkvart som ting kanskje blir meir håndfaste. Det blir uansett fleire bastardinstrument utover, og det er jo litt gøy berre det. Planane om verdsherredømme er litt meir langsiktige, men ein gong skal me alle marsjere i takt til lyden av heimesnekra strengeinstrument! Eller kanskje ikkje. Eg trur strengt tatt at ikkje er det beste alternativet.

Det har uansett vore eit bra år. Eg har lært enormt mykje, og satsar på å lære endå meir framover i håp om å få til stadig bedre instrument til folk som måtte ha lyst på. So takk for i år og hjarteleg velkommen til å kike innom igjen på nyåret. Fortsatt gledelig jul og godt nyttår til de som har gidda å lese so langt ned på dette innlegget!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Real Time Web Analytics