lørdag 31. mars 2012

Tostrengsfretlessteboksbass!

Første forsøk på ein bass, og første forsøk på noko som kan spelast utan bottleneck. Jøsses! Ein relativt stor teboks, ein meter med ask, eit gripebrett i rosetre, eit par gamle bass-strengar, eit par stemmeskruer, litt bein og nokon stoppskiver seinare, so blei det lyd i spetakkelet.

Lenge sidan eg har vore so usikker på noko eg har bygd. Ante verkeleg ikkje korleis dette kom til å bli til slutt, både med tanke på lyd og ikkje minst på spelbarheit. Funka gjorde det. Romlar og skrapar litt, men slik skal det jo være. Elektronikken i den køddar litt meir, so der er eg nødt til å gjere noko for å isolere mikken bedre før eg forseglar loket på denne

Uansett so vart dette ein litt festlig sak, og det blir nok gjort fleire forsøk i framtida.






Lydeksempel på denne kjem snart. Blei berre litt ivrig i går, so eg har gnagsår på opptil fleire fingrar på venstre hand, og er nødt til å la dei få litt kvile før eg er klar til å klimpre inn eit eller anna.

Diddley Bow, første forsøk

Sidan eg ikkje gadd å ha noko halvgjort før påske, so blei eit par timar denne veka brukt til å klaske i hop ein Diddley Bow. Om lag verdas enklaste instrument. Treng egentlig berre ein planke, ein streng og ein hermetikkboks, men eg har skeia ut med ei stemmeskrue og ein nøkkel også. Gjort fort og gale, og mest for å lære korleis instrumentet oppførar seg i praksis.

Blir nok bygd ein til snart, for den her var strengt tatt for kort til å bruke skikkeleg, men er uansett greit å ha prøvd for å sjå kva som bør gjerast annleis til neste gong. Gløymde forresten å ta bilde av den etter den var ferdig, so siste bildet er knipsa ein heilt anna plass og med dårligare lys enn normalt. Sikkert ikkje so farleg.






Opptakaren min er fortsatt på tur, men det kjem nok lydeksempel frå den her med tid og stunder.

søndag 25. mars 2012

Gult er kult?

Eg blei ferdig med ein gitar til no før helga, so då er det greit å få ut litt bilde av den også. I tilfelle det er nokon som faktisk studerar på bilda eg legg ut, so kan eg sei med ein gong at boksen på første bilde stammar frå ein anna gitar. Gløymde å knipse den som blei brukt no før eg hadde mishandla den litt, so det blei funne eit arkivbilde av noko tilsvarande.

Det mest artige med denne tykkjer eg uansett er korleis mønsteret i treet verkeleg kom fram når det fekk litt farge før oljinga. Reine tigerstripene. Gledar meg alt til kommande prosjekt og testing av andre farger.

Utover det so er det ikkje so mykje å bite seg merke i. Det meste gjekk slik eg hadde tenkt og eg har etterkvart bygd eit par av desse cbg-ane so det er ikkje mest å sei om kvar enkelt. Kan uansett melde om eit par litt annleis prosjekt som står på trappene, so det er berre å henge med vidare.






Lyden i denne var faktisk veldig fin. Skal få lagt ut eit lite lydeksempel med tid og stunder.




lørdag 24. mars 2012

Nytt år, nytt treverk og nye moglegheiter

Bittelitt tidlegare ute enn i fjor, og har første nye trestrengar klar alt i Mars. Du verda!
Nytt av året er også treverket. No framover blir det ask for alle penga. Kreve litt tilvenning å jobbe med, men ser ut som me kan bli kompisar framover.

Denne boksen var og litt spesiell å jobbe med pga utforminga. Gullbarreboks med skyvelok var litt utanom det andre eg har bygd av so langt. Planen var forøvrig å passe til so eg kunne skyve på plass både hals og lok, og alt skulle bli so fint, men dette slo ikkje heilt til. Som det viser på eine bildet nedi her, so var eg pent nødt til å lappe i hop igjen boksen etter at lista som held på plass loket sa takk for seg.

Uansett godt å være i gang, og godt å ha blitt ferdig med noke. Det kjem meir i nærmaste framtid!






Litt artig med lyden i den her, so lenge so boksen har doble veggar. Usikker på om det viser igjen når eg tek opp litt, men det er berre ein måte å finne ut på. Opptakaren min er uansett 100km unna meg for øyeblikket, so lydeksempel kjem ikkje i dag. Snart!
Real Time Web Analytics