tirsdag 13. april 2010

Sigarboks, no også for venstrehendte

Her kjem den korte historia om mitt første forsøk på ein venstrehendt gitar. Når folk som er venstrehendt har lyst til å klimpre på ein sigarboks, so ordnar eg jo det. Er jo egentlig ikkje so mykje nytt å melde, anna enn at denne er andre vegen enn kva eg har gjort tidlegare. Måle, sage, banke, skjære, styre, ordne, høvle, pusse og bore, og plutselig var ting begynt å ta form.

Som nokon kanskje legg merke til, so er eg begynt å tenke bittelitt meir samanheng i det eg held på meg. Litt vinklar og figurar som kan finnast igjen, eller i det minste har prøvd å kunne la folk få finne igjen, fleire plassar, og litt slikt. Dette er jo ein Cohiba-boks, til liks med den første eg bygde på seinhausten i fjor, og det var himla artig å sjå dei to ved sidan av kvarandre i dag. Eg har blitt ørlite flinkare til ein del ting, og meir forseggjort med finishen på det. Skulle nesten teke bilde av dei to i lag og lagt ut. Kanskje ein plan for morgondagen.

Av ting eg lærte når eg bygde denne, so MÅ det nemnast at eg må være meir effektiv om eg skal gi halsen ein runde beis før oljinga. Her var det blitt alt for mykje farge. Eit strøk og fort og gale skal være oppskriften. Eg var litt meir nøye, som med olja. Jaja. Ingen som dør uansett, håpar eg i det minste. Eller, er jo alltid noken som dør, men forhåpentligvis ikkje som følge av dette.







Til slutt so må eg sei at sidan denne er venstrehendt, so blir det ikkje lagt ut noke lytteeksempel frå mi si side. Spelar fælt nok "rett" veg, og treng ikkje utfordre skjebna. Får tru han som skal ha den blir flink, so kan det kanskje komme noken tonar litt på sikt. Me ser!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Real Time Web Analytics