tirsdag 2. mars 2010

Slutt på OL og tilbake til bygginga.

Etter ein OL-pause er livet i snekkarboden i gang igjen. Dagen i dag resulterte blant anna i ferdiggjering av ei ny salsvare. Standard trestrengar med piezo-mic som skal avgårde til ein kompis med tid og stunder.

Opptil fleire eksempel på at eg ikkje har hatt tankane med meg når eg bygde denne, men det gjekk no bra til slutt. Lurer fortsatt på kor eg var hen når det skulle lagast plass til halsen i sigarboksen. Sentrert er den jo ikkje, men so lenge rekne-/teljefeilen blei gjort til same veg på begge sider er det jo ikkje nøye so nøye. So halsen står med andre ord litt for langt oppe på boksen i forhold til det eg hadde tenkt. Hadde eg helde kjeft om dette i staden for å skrive det her, so er det vel ingen som hadde brydd seg.

Sidan dette er første snekreriet som skal avgårde til nokon som faktisk spelar gitar slik til vanleg, so er eg jo litt spent på responsen. Den tid, den sorg. Eller glede, alt etter som. Viktigaste er at det er lyd og at alt virkar som det skal.

Er forresten eit bilde av piezo-micen nedi her so folk og dyr og andre eventuelle interesserte kan kikke på.








Kjem ein liten lydsnutt med denne i løpet av morgondagen. Eller ein av dei neste dagane. Merkar no det. Før helga i alle fall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Real Time Web Analytics