søndag 14. februar 2010

Lyd?

Forhåpentligvis har eg no fått til at det er blitt litt lyd ut til folket. Om ting funkar som dei skal, so skal det no være råd å høyre mitt første forsøk på sigarboks med elektronikk. Plugga rett frå forsterkar og i mic-inngang på pc'en, og ikkje gjort noke meir med etterpå, men eg er uansett positivt overraska.





Ein nedlastingslink for dei som syns det er kjekt.

fredag 12. februar 2010

Elektronikk? Ja takk

Har jo ei stund hatt ein plan om å få på plass elektronikk i noken av boksane, og no har eg til slutt fått ut fingen og fått gjort noke med det. Ein billig mono-jackutgang, eit piezo-element, litt kabel, litt teip og bittelitt arbeid med loddebolten var det som skulle til. Smått sjokkert sidan det fungerte som det skulle på første forsøk. Pleier ikkje å være slik når det er eg som trør til verket med iver og glød.

I min iver so gløymde jo eg sjølvsagt å ta bilde av spetakkelet, men det blir jo laga fleire seinare so bilda kjem. Lydeksempel like så, har spelt inn litt alt og skal få det på plass her med tid og stunder. Posten her er egentlig berre fjas, men "måtte" jo berre få på trykk det at ting faktisk fungerar etter planen.

torsdag 28. januar 2010

Endeleg noko klart til levering

Etter nokon sjukedagar i vinternorge var eg i dag tilbake i snekkarboda og fekk fullført ein gitar som har vore påbegynt ei stund. Denne blir den første eg leverar frå meg, og er jo selvfølgelig spent på responsen frå han som skal bli den stolte eigar. Denne gongen var det ein filipinsk sigarboks som var basis. Gudane må vite kva treverk som er i den, for den var ei smule vanskeleg å jobbe med, men resultatet blei jo godkjent til slutt denne gongen og. Var jo spent på kva lyd som kom til å bli i den, sidan treverket var annleis enn kva eg har vore borti tidlegare, men det funka fint denne gongen og.

Blei lagt ned ein solid pussejobb på halsen denne gongen. Ein skjemmande kvist på baksida "måtte" vekk, og når sandpapiret fyrst var framme, so kunne eg jo ikkje gi meg før heile greia såg nokonlunde ok ut. Arbeidsmessig so fristar det ikkje å gjenta den jobben seinare, men resultatmessig so er det noko eg absolutt bør gjere, so då blir det vel slik...

Bortsett i frå det so er det vel ikkje so mykje å sei om denne. Standard prosedyre for ein trestrengar. Det artigaste er jo egentlig å høyre korleis resultatet blir når den er ferdig. Når/om den dagen kjem at eg kan bedømme skikkeleg korleis klangen i eit instrument blir berre ved å dunke litt på kassen før eg begynnar, so veit eg ikkje om eg gidd meir. Då er jo halve moroa bortevekk.

Dukka forøvrig opp eit par nye idear under arbeidet med denne, som gjerne blir prøvd seinare ein gong, men det kjem eg tilbake til når so lang lir.







Satsar på å få lempa ut eit lite lydklipp av denne og før eg leverar den i frå meg, men det blir ikkje gjort noko med i kveld, so mykje kan eg love.

torsdag 21. januar 2010

Den fyrste fiasko eg snekra saman....

Det fyrste fiaskoprosjektet so longt har sett dagens lys... Skulle bli, og blei for den del, ein firestrengar som ein kompis av meg skulle ha, men mitt forsøk på å lage ein tynn og lettspelt hals enda opp med å bli ein altfor mjuk hals som berre bøydde seg noke verre. Forsøket med å skru fast litt metall og ekstra tre på baksida av halsen hjalp ikkje nok det heller, so denne blei liksom ikkje det eg hadde tenkt. Kan selvfølgelig lage ein ny hals til den, og det blir vel gjerne gjort på sikt, men foreløpig får den berre ta plass i "Hall of Shame" og stå der til skrekk og advarsel. I det minste so har eg no lært korleis eg ikkje skal gjere ting neste gong...






Uansett litt synd at den ikkje fungerar som eg hadde tenkt, for lyden er rimelig fin i den. Halsen er uansett so bøyelig at om eg flyttar bittelitt på gitaren, eller legg bittelitt vekt på kroppen, medan eg spelar, so forsvinn alt som kan minne om ein gitar som er stemt. Bedre lykke neste gong.

fredag 15. januar 2010

Eit knøtt til knøttet

Mest for moroskuld, so blei det snekra saman ein liten tostrengar denne veka. Skal sendast avgårde som gåve til ungen til ein kompis. Mykje same prosedyre som dei forrige med tanke på tilpassinga av halsen, men planken var egentlig for tynn for stemmeskruene, so der måtte det improviserast litt. Lim og pussemaskin ordnar uansett det meste. Sjå fjerde bildet for å kanskje skjønne kva eg snakkar om. Strengefestet blei for den del ei ny løysing denne gongen og. Fjerde gitaren og fjerde måten å gjere det på. Det er jo uansett det som er litt gøy. Når eg ein gong endar opp med to instrument som er meir eller mindre like, so forsvinn jo litt av sjarmen. Blei jo litt meir lyd i knøttet enn eg først hadde tenkt, og det er jo ikkje negativt, so eg er nøgd i dag og.








Skal sjå om eg får surra meg til å filme litt av denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

torsdag 14. januar 2010

Lydeksempel med første gitaren

Og eit lite klipp med den førstefødde. Ein gong skal eg bli flinkare å spele og flinkare å få filma, men inntil den dagen kjem, so får folk og dyr og eventuelle andre berre slite med den kvaliteten det blir på det her.

Litt meir video

Ny gitar, meir lyd, kan fortsatt ikkje spele noko særleg, filme med mobil er fortsatt bajs og livet er herlig dere! Denne kan bli heilt glimrande å spele på berre eg blir vant med den, men foreløpig er det jo berre fjas og so må eg syte endå litt meir pga lydkvaliteten i mobilen. Uanlell so er det no plutselig lagt ut ein video til. Slit den med helsa!

Real Time Web Analytics