mandag 4. mars 2013

Fretsprisen

Har, omsider, klaska i hop ein sigarboksgitar med frets, og det er første gongen på eit par år at eg verkeleg er overraska over korleis resultatet blei. At halsen skulle bli so fungerande. med so bra intonasjon som den har, er mildt sagt overraskande. Sidan det fungerte so godt på første forsøk so blir garantert det neste ein skandale, men den tid, den sorg osv.Må seiast at det er litt ok å kunne sage til to gripebrett i slengen. Rosetrestykka eg har er berekna på på seksstrengarar, so det er berre å sage heile og kløyve på midten.

Utover det at den er fretta, so er det ikkje gjort so mykje spesielt med denne gitaren. Testobjekt som forblir i mine hender, so då blir det teke snarvegar der eg kan. Burde lagt meir tid i pussing av hals og greier, men det får bli ein anna gong.
Likar detaljen med ein gammal whiskykork som skruknott på potmeteret då. Viktig å resirkulere der ein kan, og det kjem fleire tilsvarande utover.






Lydeksempel på den her kjem ein gong, garantert, men eg må berre blir vandt med den først. Par år sidan sist eg spelte noke særleg utan slide, so fingrane er litt rustne.

4 kommentarer:

  1. Hei, hadde det vert mulig å få kjøpt ein skreddar sydd gitar, i so fall...pris?

    SvarSlett
  2. Det går an. Prisar kjem heilt an på kva du vil ha. Antal strengar, frets eller ikkje, kva elektronikk osv, men prisane startar på tusenlappen inkludert pakking og porto. Om det høyres ok ut, so send meg gjerne ein epost på sigarboks(a)gmail.com, so kan me ta den vidare planlegginga der.

    SvarSlett
  3. Flotte greier, eg berre lurte :) frista veeeeldi :) meeen eg har desverre ikkje peng til å invistere i noke atm, men kansje eingong :)

    SvarSlett
  4. Den er god! Gi gjerne lyd den gongen både lysta og pengane er til stades. Du veit jo kor du finn meg.
    Håpar på å høyre frå deg ein gong! :)

    SvarSlett

Real Time Web Analytics