tirsdag 18. mai 2010

Alle gode ting er tre

Og av den grunn blei det bygd ein ny gitar av ein sigarboks av tre, med ein hals av tre og med strengar tre. Nokon vil sikkert hevde at det er ein treskalle som bygger dei og, men den diskusjonen kan me ta ein anna gong.

Vil uansett bruke litt tid til å hylle treverket denne gongen. Eg let meg stadig fascinere over lukta av treet når eg sitt og jobbar. Ein ting er gode gamle furua som stadig er i bruk som halsar på greiene, men eg er spesielt fascinert over sigarboksane. Eg anar jo ikkje kva treslag det er i noken av dei, men ein del av dei luktar enormt spennande. Denne i dag lukta eit eller anna som eg ikkje klarar å plassere, men det gir meg assosiasjonar til krydder og varmare klima. Ein av dei tidlegare boksane lukta jo klart og tydeleg kanel. Syns som sagt det er spennande, og gledar meg kvar einaste gong eg skal sage hol i boksane for å sjå kva det luktar denne gongen. Eg blir neppe ein mann som stirrar på geiter nokon gong, men eg veit ikkje om det er so mykje bedre å lukte på tre.

No tilbake til dagens ferdigstilte. Kom litt skeivt ut med den, med tanke på at halsen, som følge av eit uhell, blei tynnare enn kva eg hadde tenkt meg, men samtidig so ville eg prøve og sjå om den heldt. Det gjorde den, men denne er på grensa for kva som går bra. Uansett greit å vite til seinare.

Var og ein del ufin klirring i den, men etter ein halvtimes tid med tenking, pussing, filing og rikelege mengder mumlande bannskap, so blei feilen funnen og utbetra og no skal alt fungere fint.

Litt annleis klang i denne enn dei andre på grunn av eit lok som var dobbelt so tjukt som vanleg. Tonen ligg liksom ein anna plass enn vanleg i boksen. Forklare på noko vetig vis får eg ikkje til, men er som sagt litt annleis. Er uansett fin lyd i den, og den kling veldig på ein del av dei lysare tonane.






Skal få spelt inn litt lyd med denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

2 kommentarer:

  1. Å dæven så stilig den der var då Oo

    Virkelig kvalitet på håndverket :D

    SvarSlett
  2. Designmessig so er den jo veldig lik den venstrehendte eg lagde. Kan ikkje være nyskapande kvar gong :p

    Men ja, ser bra ut, det gjer den!

    SvarSlett

Real Time Web Analytics