Noken få tonar frå den rosalilla og oversøte. Lyden er ikkje den beste, og eg vel å skulde litt på strengane. Litt må ein jo ofre for å sjå bra ut...
Går uansett fint an å spele på, både til kvardags og fest, so eg seier meg nøgd i dag og.
onsdag 20. juni 2012
tirsdag 19. juni 2012
No også som coverband!
Som nokon sikkert har fått med seg, so har eg til slutt vore med å stabla på beina eit band der det jamt over blir spelt på desse heimelaga, og for eit par veker sidan posta eg eit klipp frå første speleøkta me hadde. Sist søndag blei via til ei ny økt, og då må jo dette dokumenterast. Same tre karane og same instrumenta som sist, sett vekk frå at ein av karane åpnar kjeften og syng for første gong sidan sommaravslutninga i fjerdeklassen på barneskulen. Kjem nok til å bli meir slikt framover.
Lyden på opptaket er rusjen pga kødd med opptakaren, men det får berre bli som det blir.
Her kjem uansett eit par minutts coverversjon av Eric Clapton-låta Cocaine. Nyt det! Eller ikkje! Opp til deg!
Kjem sikkert til å legge ut ein del øvingsklipp vidare framover også, om ikkje anna for å kunne sjå bakover i håp om å sjå utvikling på vegen.
Lyden på opptaket er rusjen pga kødd med opptakaren, men det får berre bli som det blir.
Her kjem uansett eit par minutts coverversjon av Eric Clapton-låta Cocaine. Nyt det! Eller ikkje! Opp til deg!
Kjem sikkert til å legge ut ein del øvingsklipp vidare framover også, om ikkje anna for å kunne sjå bakover i håp om å sjå utvikling på vegen.
tirsdag 12. juni 2012
Pink power!
Dagens rosalilla krumspring er herved på plass. Med tanke på korleis resultatet blei til slutt, so er det gjerne like greit at eit par idear blei forkasta på vegen, for den her blei noko for seg sjølv uansett.
Som nokon kanskje legg merke til, so er stemmeskruene i botnen på denne. Dette fordi eg hadde lyst til å få til eit hjarteforma hovud på ein Romeo y Julieta-boks, samt at eg har eit par stemmeskruer av denne typen å bruke opp. Syns det funka greit med gaffelen i botnen og det oppsettet som blei her, so det blir nok gjort fleire gonger utover.
Fargen er ein heilt anna ting. Den rosalilla fargen den fekk var egentlig ikkje planlagt, men akkurat til denne so ser det jo bra ut. Har og måla innsida i boksen, so det lyser litt rosalilla ut gjennom lydhola. For den del kjekt å ha nokon gule strengar liggande, for dei kler jo den andre fargen rimeleg bra.
Alt i alt rimeleg godt nøgd med den her, sjølv om det som kjent alltid er ting som kan gjerast bedre. Tek det neste gong!
Har ikkje prøvespelt den her so grundig endå, men det skal bli gjort og det kjem eit lydklipp frå det før den forlet heimen.
torsdag 31. mai 2012
Ikkje hanegal, men....
Legg ut nokon ulydar i dag og, men då trur eg at eg er ferdig med lydeksempel av dei instrumenta eg fortsatt har i hus og har sjans til å få spelt inn noko med.
I dag var det Sætre Kjeks-boksen som stod for tur. Eg likar lyden i den, og so lenge so denne faktisk er bygd for å bruke sjølv, so får de høyre meir frå den i framtida.
Nok ein gong so er det litt surt og ikkje minst so kan de legge merke til ein klassisk "Pokker, eg hadde jo tenkt å slutte no og det hadde eg gløymt"-avslutning. I alle høve er det berre å kose seg med det.
onsdag 30. mai 2012
Skranglejam
Underteikna og to andre er til slutt i gong med å bruke desse heimebygde til noko potensielt fornuftig. I tilfelle det ikkje kan kallast fornuftig, so er det i det minste gøy. Videoen under her er eit opptak frå helga, og det var vel om lag første forsøket me gjorde på å spele. Med andre ord so er det mest fjas for å komme i gang litt, men samtidig so blei det eit fint driv på låta etterkvart. Det de høyrer her er denne, denne og denne. Enjoy!
Og til dei som faktisk måtte finne på å like det her, so er slenge eg no med ein nedlastinglink til rabalderet!
After Eight-klimpring
Litt klimpring på After Eighten. Som vanleg er det ikkje so voldsomt spennande, men det er ei heller poenget. Spelt inn no nettopp og klaska ut på nettet ved første høve. Som de høyrer, so er lyden litt tørr og metallisk, men den duge allikevel til sitt bruk.
tirsdag 29. mai 2012
Alt er relativt, og klokka er jo etter åtte no og
For nesten to år sidan blei det bygd eit instrument utav ein After Eight-boks og no var det dags for å prøve å gjenta suksessen. Den forrige var av dei boksane det blei laga arbeidstegningar til, noke som er relativt uvanleg, og noke som er endå lenger unna det normale er at eg fann igjen desse då eg skulle begynne på denne. Med andre ord so er desse to relativt like kvarandre, sett vekk frå at den eine har hals i furu og den andre har hals i ask, og det at denne nyaste blei farga grøn.
Grønfargen blei ikkje som grønfargen på boksen. Burde hatt ein dråpe svart, men svart er ein uting når det kjem til fargeblanding. Plutseleg so er det blitt svart uavhengig av kva som var tanken og utgangspunktet.... Men tilbake til grønfargen. Grønfargen blei jo fin den sjølv om den ikkje blei heilt rett. Ask er forøvrig eit fantastisk treverk. Til tider fascinerande å sjå mønstera som lyser imot meg etter at veden har fått ein skvett farge og nokon rundar med olje.
Lyden i denne er litt banjo, men samtidig ikkje so aller verst. Den forrige fekk ein rundare klang etterkvart, so det blir spennande å sjå om denne får det same. Kjem uansett eit kort lydklipp ganske snart.
Abonner på:
Innlegg (Atom)