torsdag 10. juni 2010

Ikkje akkurat lyden av munnspel

Då har eg fjasa litt med denne også. Har jo knapt spelt på firestrengs tidlegare, og er for den del ikkje heilt sikker på beste måten å stemme den på, men det vart no litt lyd utav det åkkesom. Slit det med helsa.




onsdag 9. juni 2010

Fire strengar, andre forsøk.

Tilbake i januar so gjorde eg jo eit forsøk på ein firestrengar som ikkje kan kallast vidare vellykka, so no var det etterkvart på tide å prøve igjen. Eg syns jo det er litt kjekt når folk grev og leitar litt og finn boksar som dei vil eg skal bygge om til dei, og denne var eit av dei tilfella. Ein Hohner-boks som ein gong i verda har innehelde opptil fleire munnspel har no blitt offer for litt mishandling og litt kjærlig omtanke og enda til slutt opp som ein fungerande firestrengar.

So lenge so det er ein "heilt vanleg" treboks, so er det jo ingen forskjell på å bygge utav denne i forhold til det å bygge av ein sigarboks. Einaste som var å hugse på var at det var ein streng meir enn på standardutgåvene, og det gjekk jo merkeleg nok bra i alle delar av bygginga. Av og til fungerar jo konsentrasjonsevna mi, og eg blir like positivt overraska kvar gong. For den del litt artig å ha ein heilt ny og rein boks å bygge utav. Ein del av dei tidlegare er jo gamle og har sett ut som dei har teke del i opptil fleire verdskrigar, og då gjerne på den tapande sida dei fleste gongene... Uansett, kjekt med litt nytt!

Lydmessig so tykkjer eg denne er heilt ok. Litt uvant å spele på firestrengaren, so eg er strengt tatt ikkje heilt sikker på kva den er god for, men satsar på å finne det ut før eg leverar den frå meg i Sogndal om nokon dagar.






Er mic og kjem lydklipp etterkvart. Må berre øve litt for eg leverar i frå meg tonar.

lørdag 5. juni 2010

Ein ny mini

Fekk i vår ein forespørsel om eg kunne bygge ein liten gitar til ei lita jente som har bursdag no til sommaren. Som sagt, som gjort. Ein langt mindre boks enn kva eg pleier å bygge av, og ein langt kortare hals enn kva eg pleier å bruke, og vips so var noko som egentlig gir meg assosiasjonar til ein ukulele på plass.

Neste spørsmål med denne er om vedkommande som skal ha den for å gi vidare er nøgd. Merkar no det. Uansett litt artig å bygge noke som er halvparten so stort som vanleg. Blei for den del litt gira på å bygge sigarboksukulele ein dag.







Usikker på om det blir spelt inn noke med denne før eg leverar den frå meg, men om det blir gjort so dukkar det no opp her etterkvart.

torsdag 20. mai 2010

Trestrengs Bacardi, uten Cola

Er alltid kjekt å få noko nytt å bygge utav, og denne gongen er det då ein boks som ein gong har innehelde ei litersflaske med Bacardi. Denne gongen blei det tenkt og tegna mykje på forhånd. For den del blei det ein del prøveskjæring i papp før eg gjekk laus på botnen av boksen.Det å skjære til eit passlig hol i botnen, slik at halsen kunne gå gjennom og at den samtidig skulle gå i lås, var eit puslearbeid, men det gjekk jo overraskande bra.

Jamt over so var eg heldig med det meste med bygginga av denne. Fargen på halsen enda opp med å matche kroppen, halsen passa merkeleg bra i kroppen, hovudet fekk ein ok fasong og alt gjekk unormalt greit. Eg klagar uansett ikkje når det er den vegen det går.

Alt i alt veldig fornøydd med denne. Lyden overraska jo og positivt. Litt "banjoete" i klangen denne og, men med ein fyldigare og rundare klang enn eit par av dei andre metallboksane.






Pga at eg blei ferdig med denne i dag, og leverte den til den nye eigaren i dag, so fekk eg ikkje testa elektronikken i den, men skal sjå om eg litt på sikt får overtalt han som no har den til å spele inn litt som eg kan få lov til å legge ut her.

onsdag 19. mai 2010

Det blei jo lyd i dag og gitt.

Ingen stor kunstnerisk oppleving med tanke på spelinga i dag heller, men det er no so. Ein dag skal eg spele inn noke litt meir skikkeleg til folket! Fram til då so får de slite med mine fort og gale og eitkvart gjort på sparket og som høyres ut slik som det gjer. Det vart no lyd i dag og.




tirsdag 18. mai 2010

Alle gode ting er tre

Og av den grunn blei det bygd ein ny gitar av ein sigarboks av tre, med ein hals av tre og med strengar tre. Nokon vil sikkert hevde at det er ein treskalle som bygger dei og, men den diskusjonen kan me ta ein anna gong.

Vil uansett bruke litt tid til å hylle treverket denne gongen. Eg let meg stadig fascinere over lukta av treet når eg sitt og jobbar. Ein ting er gode gamle furua som stadig er i bruk som halsar på greiene, men eg er spesielt fascinert over sigarboksane. Eg anar jo ikkje kva treslag det er i noken av dei, men ein del av dei luktar enormt spennande. Denne i dag lukta eit eller anna som eg ikkje klarar å plassere, men det gir meg assosiasjonar til krydder og varmare klima. Ein av dei tidlegare boksane lukta jo klart og tydeleg kanel. Syns som sagt det er spennande, og gledar meg kvar einaste gong eg skal sage hol i boksane for å sjå kva det luktar denne gongen. Eg blir neppe ein mann som stirrar på geiter nokon gong, men eg veit ikkje om det er so mykje bedre å lukte på tre.

No tilbake til dagens ferdigstilte. Kom litt skeivt ut med den, med tanke på at halsen, som følge av eit uhell, blei tynnare enn kva eg hadde tenkt meg, men samtidig so ville eg prøve og sjå om den heldt. Det gjorde den, men denne er på grensa for kva som går bra. Uansett greit å vite til seinare.

Var og ein del ufin klirring i den, men etter ein halvtimes tid med tenking, pussing, filing og rikelege mengder mumlande bannskap, so blei feilen funnen og utbetra og no skal alt fungere fint.

Litt annleis klang i denne enn dei andre på grunn av eit lok som var dobbelt so tjukt som vanleg. Tonen ligg liksom ein anna plass enn vanleg i boksen. Forklare på noko vetig vis får eg ikkje til, men er som sagt litt annleis. Er uansett fin lyd i den, og den kling veldig på ein del av dei lysare tonane.






Skal få spelt inn litt lyd med denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

torsdag 13. mai 2010

There will be sound, again!

Av og til let eg meg nesten imponere over kva som går an å få til med ein gammal sigarboks, ein hals laga av ein furuplanke frå ei seng og eit mic-oppsett til rundt femtilappen. Ikkje at eg imponerar spelemessig i dag heller, men eg likte lyden av denne, og det er no eingong det viktigaste. Ikkje eg som skal spele på den i framtida uansett.

Real Time Web Analytics