tirsdag 9. mars 2010

Kaffi og kaker?

Medan eg går og ventar på påfyll med sigarboksar frå ymse verdshjørne, so må eg jo allikevel drive med eitkvart. I dag ; kakeboks. Ein rimelig stor kakeboks burde jo resultere i mykje lyd tenkte eg på forhånd, og i dette høvet fekk eg rett.

På grunn av størrelsen på boksen, so tenkte eg at no var eit bra høve til å prøve ein ny dobbelstrengar, so då var det fram med større planke og til å gjere seg klar til å lage spalter og styre på igjen. Prosjektet med å feste halsen til boksen var derimot verre. Utan min vegledar på plass i snekkarboda, so var det dags for lett improvisasjon. Sage boga spor er jo ikkje noke eg driv med til vanleg, so her var det fram med kniv og pågangsmot og surre på ein times tid til det til slutt passa saman på eit vis. Med god tid, samt ein anstendig mengde bannskap og bønn, so er det mykje rart som går seg til.

Litt nedtur at boksen ikkje heng skikkeleg i hop av seg sjølv etter eg var ferdig med den, so eg måtte gi den ein omgang gaffa-tape til slutt, men det får no berre være. Kunne sjølvsagt limt den i hop med min trufaste venn, superlimen, men er jo greit å ikkje forsegle boksen for evig og alltid.

Lyden er uansett god i denne også. Mykje lyd blei det også, so då må jo alle være fornøgde. Har sett i mic, so det kjem eit lite lydglimt frå den om ikkje so lenge.





torsdag 4. mars 2010

Elektrisk sjokoladeboks

På lista over spørsmål menneskeheita gjerne ikkje stiller seg so ofte, so trur eg : "Korleis høyres ein gammal engelsk sjokoladeboks ut om ein sett på hals, strengar og dyttar i ein mikrofon?", kjem til å være eit stykke opp på lista. For dei som måtte lure, so har eg no gjort eit forsøk på å besvare det.
Meir metallisk og meir romklang enn sigarboksane, men ganske trivelig uansett.

Trykk play og nyt.




onsdag 3. mars 2010

Mykje lyd og lite varme...

Tru og håp det kan du få med, men eg gir ingen garantiar. Uansett er det dags i her i vinterkulda å legge ut eit lite lydklipp til. Fort, gale, lite triksing og ingen miksing, men uanlell. Lyd it is! Ein bittelitt overfølsom mikrofon i denne boksen, men det går seg vel gjerne til. Er litt spent på tilbakemelding frå mennesket som skal ha denne, det skal eg ærleg innrømme. Åkkesom, les og lytt og vær glade, i løpet av det neste halve året er nok våren på plass!




tirsdag 2. mars 2010

Sjokoladens akkustiske eigenskapar.....

Eg har jo sagt at det skal gjerast forsøk på andre ting enn sigarboksar, og sidan det no om dagen er tomt for sigarboksar i heimen, so var det dags for å setje dette ut i livet. Dagens offer var ein gammal engelsk sjokoladeboks. Bilde av dronninga og gubben og berre velstand.

Måtte jo angripe den her litt annleis enn kva som er opplegget med sigarboksane. Ikkje alt av knivar og sager so bit like godt i ein blekkboks som dei gjer i tre. Rart det der. Åkkesom so gjekk det no an å lage plass til halsen i boksen, og sage noken spor i halsen som lokket til boksen passa i for å låse hals og boks litt saman. Er jo ein fordel om ting heng i hop og ikkje ramlar frå kvarandre heilt utan vidare.

Bortsett frå det, so var no bygginga litt som alltid. Litt middagsrestar og litt sengeplankar og litt stemmeskruer og strengar, og vips so er det blitt lyd. Lyden i denne er forresten alt anna enn eg forestilte meg. MÅ få dokumentert den på litt skikkeleg vis, so eg er litt usikker på korleis eg skal fikse det, men det kjem eitkvart ein gong. Eg høyrde uansett for meg noke litt skarpt og gjerne litt ala ein banjo i klangen, men dengang ei. Derimot kan dei britiske kongelige varte opp med ein noget sær romklang. Egentlig usikker på korleis eg skal beskrive det, men det skal som sagt komme eit prøvelytt på det ein gong i framtida.






Slutt på OL og tilbake til bygginga.

Etter ein OL-pause er livet i snekkarboden i gang igjen. Dagen i dag resulterte blant anna i ferdiggjering av ei ny salsvare. Standard trestrengar med piezo-mic som skal avgårde til ein kompis med tid og stunder.

Opptil fleire eksempel på at eg ikkje har hatt tankane med meg når eg bygde denne, men det gjekk no bra til slutt. Lurer fortsatt på kor eg var hen når det skulle lagast plass til halsen i sigarboksen. Sentrert er den jo ikkje, men so lenge rekne-/teljefeilen blei gjort til same veg på begge sider er det jo ikkje nøye so nøye. So halsen står med andre ord litt for langt oppe på boksen i forhold til det eg hadde tenkt. Hadde eg helde kjeft om dette i staden for å skrive det her, so er det vel ingen som hadde brydd seg.

Sidan dette er første snekreriet som skal avgårde til nokon som faktisk spelar gitar slik til vanleg, so er eg jo litt spent på responsen. Den tid, den sorg. Eller glede, alt etter som. Viktigaste er at det er lyd og at alt virkar som det skal.

Er forresten eit bilde av piezo-micen nedi her so folk og dyr og andre eventuelle interesserte kan kikke på.








Kjem ein liten lydsnutt med denne i løpet av morgondagen. Eller ein av dei neste dagane. Merkar no det. Før helga i alle fall.

søndag 14. februar 2010

Lyd?

Forhåpentligvis har eg no fått til at det er blitt litt lyd ut til folket. Om ting funkar som dei skal, so skal det no være råd å høyre mitt første forsøk på sigarboks med elektronikk. Plugga rett frå forsterkar og i mic-inngang på pc'en, og ikkje gjort noke meir med etterpå, men eg er uansett positivt overraska.





Ein nedlastingslink for dei som syns det er kjekt.

fredag 12. februar 2010

Elektronikk? Ja takk

Har jo ei stund hatt ein plan om å få på plass elektronikk i noken av boksane, og no har eg til slutt fått ut fingen og fått gjort noke med det. Ein billig mono-jackutgang, eit piezo-element, litt kabel, litt teip og bittelitt arbeid med loddebolten var det som skulle til. Smått sjokkert sidan det fungerte som det skulle på første forsøk. Pleier ikkje å være slik når det er eg som trør til verket med iver og glød.

I min iver so gløymde jo eg sjølvsagt å ta bilde av spetakkelet, men det blir jo laga fleire seinare so bilda kjem. Lydeksempel like så, har spelt inn litt alt og skal få det på plass her med tid og stunder. Posten her er egentlig berre fjas, men "måtte" jo berre få på trykk det at ting faktisk fungerar etter planen.
Real Time Web Analytics