tirsdag 2. mars 2010

Sjokoladens akkustiske eigenskapar.....

Eg har jo sagt at det skal gjerast forsøk på andre ting enn sigarboksar, og sidan det no om dagen er tomt for sigarboksar i heimen, so var det dags for å setje dette ut i livet. Dagens offer var ein gammal engelsk sjokoladeboks. Bilde av dronninga og gubben og berre velstand.

Måtte jo angripe den her litt annleis enn kva som er opplegget med sigarboksane. Ikkje alt av knivar og sager so bit like godt i ein blekkboks som dei gjer i tre. Rart det der. Åkkesom so gjekk det no an å lage plass til halsen i boksen, og sage noken spor i halsen som lokket til boksen passa i for å låse hals og boks litt saman. Er jo ein fordel om ting heng i hop og ikkje ramlar frå kvarandre heilt utan vidare.

Bortsett frå det, so var no bygginga litt som alltid. Litt middagsrestar og litt sengeplankar og litt stemmeskruer og strengar, og vips so er det blitt lyd. Lyden i denne er forresten alt anna enn eg forestilte meg. MÅ få dokumentert den på litt skikkeleg vis, so eg er litt usikker på korleis eg skal fikse det, men det kjem eitkvart ein gong. Eg høyrde uansett for meg noke litt skarpt og gjerne litt ala ein banjo i klangen, men dengang ei. Derimot kan dei britiske kongelige varte opp med ein noget sær romklang. Egentlig usikker på korleis eg skal beskrive det, men det skal som sagt komme eit prøvelytt på det ein gong i framtida.






1 kommentar:

Real Time Web Analytics