onsdag 19. mai 2010

Det blei jo lyd i dag og gitt.

Ingen stor kunstnerisk oppleving med tanke på spelinga i dag heller, men det er no so. Ein dag skal eg spele inn noke litt meir skikkeleg til folket! Fram til då so får de slite med mine fort og gale og eitkvart gjort på sparket og som høyres ut slik som det gjer. Det vart no lyd i dag og.




tirsdag 18. mai 2010

Alle gode ting er tre

Og av den grunn blei det bygd ein ny gitar av ein sigarboks av tre, med ein hals av tre og med strengar tre. Nokon vil sikkert hevde at det er ein treskalle som bygger dei og, men den diskusjonen kan me ta ein anna gong.

Vil uansett bruke litt tid til å hylle treverket denne gongen. Eg let meg stadig fascinere over lukta av treet når eg sitt og jobbar. Ein ting er gode gamle furua som stadig er i bruk som halsar på greiene, men eg er spesielt fascinert over sigarboksane. Eg anar jo ikkje kva treslag det er i noken av dei, men ein del av dei luktar enormt spennande. Denne i dag lukta eit eller anna som eg ikkje klarar å plassere, men det gir meg assosiasjonar til krydder og varmare klima. Ein av dei tidlegare boksane lukta jo klart og tydeleg kanel. Syns som sagt det er spennande, og gledar meg kvar einaste gong eg skal sage hol i boksane for å sjå kva det luktar denne gongen. Eg blir neppe ein mann som stirrar på geiter nokon gong, men eg veit ikkje om det er so mykje bedre å lukte på tre.

No tilbake til dagens ferdigstilte. Kom litt skeivt ut med den, med tanke på at halsen, som følge av eit uhell, blei tynnare enn kva eg hadde tenkt meg, men samtidig so ville eg prøve og sjå om den heldt. Det gjorde den, men denne er på grensa for kva som går bra. Uansett greit å vite til seinare.

Var og ein del ufin klirring i den, men etter ein halvtimes tid med tenking, pussing, filing og rikelege mengder mumlande bannskap, so blei feilen funnen og utbetra og no skal alt fungere fint.

Litt annleis klang i denne enn dei andre på grunn av eit lok som var dobbelt so tjukt som vanleg. Tonen ligg liksom ein anna plass enn vanleg i boksen. Forklare på noko vetig vis får eg ikkje til, men er som sagt litt annleis. Er uansett fin lyd i den, og den kling veldig på ein del av dei lysare tonane.






Skal få spelt inn litt lyd med denne og før eg sender den frå meg, men det skjer ikkje i dag.

torsdag 13. mai 2010

There will be sound, again!

Av og til let eg meg nesten imponere over kva som går an å få til med ein gammal sigarboks, ein hals laga av ein furuplanke frå ei seng og eit mic-oppsett til rundt femtilappen. Ikkje at eg imponerar spelemessig i dag heller, men eg likte lyden av denne, og det er no eingong det viktigaste. Ikkje eg som skal spele på den i framtida uansett.

onsdag 12. mai 2010

Ein Hofnar(r) tilbake i underhaldningas teneste

Ny sigarboks på gong. Denne gongen var det ein Hofnar som har fått eit nytt liv som gjerne er litt annleis enn den såg for seg då den eingong var full av sigarar. Standardprosedyre på bygginga denne gongen også, med tre strengar og piezomic.

Einaste skikkelege forsøket på noke litt nytt og annleis denne gongen, er at fargen på stemmeskruene skal matche fargen på hovudplagget til narren på boksen. Grønt på eine sida og raudt på andre, om lag som båtane. Blei og gjort eit forsøk på å pusse ned kantane på hovud og endestykket på halsen for å matche dei skrå kantane på boksen, men dette blei ikkje 100% vellukka. Uansett nær nok til at det får gå for denne gongen. Eit par hjørne ser bra ut i det minste.

Denne boksen blir forøvrig solgt i lag med eit par speletimar via skype. Kan bli interessant å sjå korleis det vil arte seg, men satsar på at det går bra so lenge so boksen skal i aktiv teneste om den nye eigaren lærer seg å bruke den.






Har ikkje testa elektronikken endå, men reknar med at den funkar denne gongen og, so då skal det komme eit lite lydklipp ein av dei næraste dagane.

søndag 2. mai 2010

Blått på grønt?

Burde jo bli det med noke lyseblå tonar på ein grøn boks. Lyden er halve opplevelsen påstår noken, so her kjem den :


tirsdag 27. april 2010

Det er vår, og det blir grønt overalt

Til og med kakeboksane er grøne om våren. Om grønfargen er fin kan sjølvsagt diskuterast, men den var no eingong slik som dette. Er litt variasjonar over tema hals og hovud på denne. Fyrste gong eg prøver å vinkle hovudet litt og ha alle stemmeskruene på same sida. Vellukka? Kanskje. Blir prøvd minst ein gong til, for å bruke opp dei tre stemmeskruene som er igjen i dette settet. Er jo uansett alltid artig å prøve på noke nytt. Litt meir fjas med pussing og ordning på hovudet, og resultatet blei jo til å leve med.

Uvisst av kva grunn, so enda jo denne og opp med eit snev av banjoklang. Kvifor nokon kakeboksar får det, medan andre ikkje er i nærheita, har eg verkeleg ikkje noko svar på per i dag. Ser kanskje eit mønster i det etterkvart, men foreløpig so har eg verkeleg ikkje peilingen. Er jo noko å forske på for framtida. Eg har lyst til å vite.

Må jo og nemnast at det er den fyrste metallboksen eg har bygd av som heng i hop ved eiga hjelp etter at eg var ferdig med den. Eg trur det er eit godt tegn. Uansett greit å spare gaffatape og superlim til andre formål.







Er mic i denne, so det kjem litt lyd etterkvart.

tirsdag 13. april 2010

Sigarboks, no også for venstrehendte

Her kjem den korte historia om mitt første forsøk på ein venstrehendt gitar. Når folk som er venstrehendt har lyst til å klimpre på ein sigarboks, so ordnar eg jo det. Er jo egentlig ikkje so mykje nytt å melde, anna enn at denne er andre vegen enn kva eg har gjort tidlegare. Måle, sage, banke, skjære, styre, ordne, høvle, pusse og bore, og plutselig var ting begynt å ta form.

Som nokon kanskje legg merke til, so er eg begynt å tenke bittelitt meir samanheng i det eg held på meg. Litt vinklar og figurar som kan finnast igjen, eller i det minste har prøvd å kunne la folk få finne igjen, fleire plassar, og litt slikt. Dette er jo ein Cohiba-boks, til liks med den første eg bygde på seinhausten i fjor, og det var himla artig å sjå dei to ved sidan av kvarandre i dag. Eg har blitt ørlite flinkare til ein del ting, og meir forseggjort med finishen på det. Skulle nesten teke bilde av dei to i lag og lagt ut. Kanskje ein plan for morgondagen.

Av ting eg lærte når eg bygde denne, so MÅ det nemnast at eg må være meir effektiv om eg skal gi halsen ein runde beis før oljinga. Her var det blitt alt for mykje farge. Eit strøk og fort og gale skal være oppskriften. Eg var litt meir nøye, som med olja. Jaja. Ingen som dør uansett, håpar eg i det minste. Eller, er jo alltid noken som dør, men forhåpentligvis ikkje som følge av dette.







Til slutt so må eg sei at sidan denne er venstrehendt, so blir det ikkje lagt ut noke lytteeksempel frå mi si side. Spelar fælt nok "rett" veg, og treng ikkje utfordre skjebna. Får tru han som skal ha den blir flink, so kan det kanskje komme noken tonar litt på sikt. Me ser!
Real Time Web Analytics